Operativ grensekontrollør

Møre og Romsdal Politidistrikt

Ålesund

On-site

NOK 510,000 - 640,000

Full time

5 days ago
Be an early applicant

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Job summary

Møre og Romsdal politidistrikt søkjer etter ein operativ grensekontrollør til seksjon for utlendings- og grensekontroll i Ålesund. Stillinga inngår i politiet sin operative beredskap og krev jamleg reiseverksemd i fylket, med hovudansvar for luft- og sjøgrensa i Møre og Romsdal.

Tilsettinga krev politiutdanning, IP4-godkjenning og sterke språk- og IKT- ferdigheiter. Lønn frå brutto 510 000 til 640 000 kroner årleg, avhengig av kompetanse og stillingsnivå.

Qualifications

  • Fullført og bestått politi(høg)skule ved tiltreding. Vitnemål og karakterskjema skal leggjast ved søknaden.
  • IP4-godkjenning, eller moglegheit for godkjenning
  • Gode skriftlege og mundlege formidlingsevner på norsk og engelsk
  • God basiskunnskap i IKT
  • Ple ttfri vandel og vere skikka for teneste i politiet.
  • Tilleggskvalifikasjonar som fagområde, etterretning og utlendingskontroll og språkkompetanse utover engelsk blir vektlagt

Responsibilities

  • Systematisk overvaking av luft- og sjøgrensa i Møre og Romsdal
  • Oppsøkjande fysisk kontroll av fartøy
  • Planleggje og gjennomføre personkontrollar
  • Vere oppdatert på fagfeltet og vere ressursperson for andre driftseiningar
  • Vareding og opplæring av andre grensekontrollørar
  • Vareta andrelinje grensekontroll – inkludert bort-/utvisingssaker
  • Operativ teneste og del av totalberedskapen i politidistriktet
  • Jamleg dialog og samarbeid med eksterne aktørar
  • Andre oppgåver kan leggjast til ved behov

Skills

Kommunikasjonsferdigheter
Samarbeidsferdigheter
Kritisk tenking

Education

Politi-høgskule
IP4-godkjenning
Norsk og engelsk (skriftleg/munnleg)
IKT-basiskunnskap
Vandel

Job description

Om stillinga

Vil du bidra til å sikre Noreg mot truslar utanfrå, og sørgje for at dei som tek seg inn i landet har lov til det? Ønskjer du å jobbe med eit spennande fagfelt i stadig endring, er glad i utfordringar og vil jobbe i eit miljø med gode og dyktige kollegaer?Då kan dette vere jobben for deg.

Vi har ledig ei fast stilling som operativ grensekontrollør ved seksjon for utlendings- og grensekontroll i Ålesund. Seksjonen består av høgt motiverte menn og kvinner fordelt på oppmøtestadane Ålesund og Kristiansund.

Vi arbeider med fagfelt som er høgt prioriterte sentralt og lokalt, og har godt og tett samarbeid med andre driftseiningar, særorgan og eksterne aktørar. Arbeidskvardagen er variert og tidvis hektisk, med krav til fleksibilitet og evne til å ta på seg ulike roller. Dette er ei ypparleg stilling for deg som ønskjer fagleg utvikling og variasjon i kvardagen. Seksjonen er operativ med oppsøkjande verksemd, og dette er ei operativ stilling som inngår i politiet sin operative beredskap med mellom anna operativ tjeneste i helger. Du må pårekne jamleg reiseverksemd i heile fylket.

Vi har eit spesielt godt arbeidsmiljø, og er ute etter deg som ønskjer å styrke dette ytterlegare og som er motivert til å bidra til å utvikle faget og seksjonen over tid.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken.Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing. Seksjonen ønskjer mangfald og ser spesielt positivt på søkjarar med bakgrunn/erfaring/perspektiv/kompetanse som kan utfylle det vi har frå før. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.


Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å møte utfordringar knytt til kriminalitetsnedkjemping. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, arbeidsmoral og etisk integritet.

Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.

I vurderinga vår av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på, i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.


Arbeidsoppgåver
  • systematisk overvaking av luft -og sjøgrensa i Møre og Romsdal
  • oppsøkjande fysisk kontroll av fartøy
  • planleggje og gjennomføre personkontrollar
  • vere oppdatert på fagfeltet og tilgjengeleg ressursperson for andre driftseiningar
  • rettleiing og opplæring av andre grensekontrollørar
  • vareta andrelinje grensekontroll – under dette opprette og gjennomføre bort-/utvisingssaker
  • operativ tjeneste og del av totalberedskapen i politidistriktet
  • jamleg dialog og samarbeid med eksterne aktørar
  • andre oppgåver kan leggjast til ved behov

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • fullført og bestått politi(høg)skule ved tiltreding. Vitnemål og karakterskjema skal leggast ved søknaden, sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema2023.xlsx . Vitnemål må ettersendast for avgangsstudentar 2026.
  • IP4-godkjenning, eller må kunne bli godkjent
  • god skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk og engelsk
  • god basiskunnskap IKT
  • plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar fra enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.

Det er også ønskjeleg med

  • relevant tilleggsutdanning og erfaring frå fagområdet
  • erfaring frå etterretning og utlendingskontroll
  • språkkompetanse utover engelsk

Personlege eigenskapar
  • gode haldningar, kommunikasjons- og samarbeidsferdigheiter
  • sjølvstendig med evne til å arbeide systematisk
  • lagspelar som bidrar positivt til arbeidsmiljøet i atferd og engasjement
  • tar initiativ til eigen utvikling, har høg lærevilje og evne.

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her .

Personlege eigenskapar blir vektlagt.


Dette kan vi tilby om du vel oss
  • ein utfordrande og utviklande arbeidsplass
  • fast stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457) i Møre og Romsdal politidistrikt, avhengig av kompetanse, jf. kompetansekriteriene for politibetjenter
    • politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 510 000 til kr. 585 000
    • politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 535 000 til kr. 610 000
    • politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 590 000 til kr. 640 000
  • For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering vurderast. Ved endring av tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området.
  • godtgjersle etter gjeldande ATB som for tida er kr 44 708 og tillegg for eventuell turnusteneste
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no . Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
  • tilknyting til bedriftshelsetjeneste og fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.


Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her .

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 500 menneske. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Operativ grensekontrollør
Operativ grensekontrollør

Møre og Romsdal Politidistrikt • Kristiansund

On-site
NOK 510,000 - 640,000
Bedriftshelsetjeneste
Pensjonsordning i Statens pensjonskass
IA-tiltak
Etterforskar
Etterforskar

Møre og Romsdal Politidistrikt • Molde

On-site
NOK 560,000 - 690,000
Operativ grensekontrollør
Operativ grensekontrollør

Kenneth Huse • Kristiansund

On-site
NOK 510,000 - 640,000
Fast stilling
ATB tillegg
Pensjonskasse
+1
Instruktør
Instruktør

Møre og Romsdal Politidistrikt • Ålesund

On-site
NOK 621,000 - 759,000
Fast stilling
ATB-tillegg
Statens pensjonskasse
+1
Etterforskar
Etterforskar

Arne Lid Skodje • Ålesund

On-site
NOK 560,000 - 760,000
IA-bedrift
Trening i arbeidstida
Fagansvarleg innan operativ kriminalanalyse/operativ kriminalanalytikar
Fagansvarleg innan operativ kriminalanalyse/operativ kriminalanalytikar

Møre og Romsdal Politidistrikt • Ålesund, Molde

On-site
NOK 560,000 - 690,000
Etterforskar
Etterforskar

Møre og Romsdal Politidistrikt • Ålesund

On-site
NOK 560,000 - 690,000
Trening i arbeidstida
Pensjonsordning (Statens pensjonskasse
Instruktør
Instruktør

Vebjørn Bale • Ålesund

On-site
NOK 621,000 - 759,000
Operativ grensekontrollør
Operativ grensekontrollør

Kenneth Huse • Ålesund

On-site
NOK 510,000 - 640,000
Fast stilling
Tilrettelegging i arbeidssituasjon
Pensjonsordning
Operatør - politibetjent 3/2/1
Operatør - politibetjent 3/2/1

Møre og Romsdal Politidistrikt • Ålesund

On-site
NOK 535,000 - 665,000
Top locations