Instruktør

Møre og Romsdal Politidistrikt

Ålesund

On-site

NOK 621,000 - 759,000

Full time

6 days ago
Be an early applicant

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Fast stilling
ATB-tillegg
Statens pensjonskasse
Trening i arbeidstida

Job summary

Møre og Romsdal politidistrikt søker ein engasjert instruktør som skal utvikle og vedlikehalde operativ trening for å sikre best mogleg beredskap. Stillinga ligg til seksjon for operative fag, øving og beredskap ved Felles eining for operativ teneste (FOT) i Ålesund, med ansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av trening.

Du må ha solid operativ erfaring frå politi-/lensmannsetaten og relevant IP-godkjenning, samt vere eit godt førebilete og rollemodell.

Qualifications

  • Minimum IP4-godkjenning og brei operativ erfaring frå politi-/lensmannsetaten.
  • Pleissfri vandel og vere skikka for teneste i politiet, med politiattest ved tilsetting.
  • Må kunne klarerast for sikkerheitsnivå HEMMELEG.

Responsibilities

  • Gjennomføre risikoanalysar og tryggleiksvurderingar knytt til all operativ trening.
  • Bidra til fagutvikling innan det operative fagområde.
  • Gjennomføre trening som sikrar vedlikehald av eigen IP-status.
  • Må pårekne beordringar til Politihøgskulen.
  • Kan påleggast andre oppgåver.

Skills

Operativ erfaring
Etisk integritet
Rollemodell
Ledelse/organisering
Sikkerhetsklarering

Education

IP4-godkjenning
IP3-godkjenning

Job description

Vil du vere med å utvikle den operative kompetansen i politidistriktet? Møre og Romsdal politidistrikt har no ledig fast stilling som instruktør innan operative fag.

Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk instruktør som ønskjer å bidra til å styrkje den operative beredskapen i Møre og Romsdal politidistrikt. Som instruktør innen operativ trening får du ei viktig rolle i å planleggje, gjennomføre, evaluere og videreutvikle trening som sikrar at medarbeidarane våre er best mogleg rusta til å løyse samfunnsoppdraget. Vi ser etter deg som er ein god rollemodell for kollegaene dine og går føre som eit godt førebilete i tenesteutøvinga. Det blir stilt krav til at du kan organisere og leie andre, samstundes som du arbeider sjølvstendig og tek ansvar for eigne oppgåver.

Stillinga er organisert under seksjon for operative fag, øving og beredskap ved Felles eining for operativ teneste (FOT). Oppmøtestad Ålesund. Fagleg sett ligg stillinga under fagleiar operative fag i seksjonen. Dagleg aktivitet vil innebere kontakt med alt operativt personell i politidistriktet, og andre relevante interne og eksterne samarbeidspartnarar.
Vi oppfordrer særleg kvinner til å søkje på stilling som instruktør.

Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi søkjer etter medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, arbeidsmoral og etisk integritet.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.

  • gjennomføre risikoanalysar og tryggleiksvurderingar knytt til all operativ trening
  • bidra til fagutvikling innan det operative fagområde
  • gjennomføre trening som sikrar vedlikehald av eigen IP-status
  • må pårekne beordringar til Politihøgskulen
  • kan påleggast andre oppgåver
Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • minimum IP4-godkjenning
  • brei operativ erfaring frå politi-/ lensmannsetaten
  • plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga
  • må kunne klarerast for sikkerheitsnivå HEMMELEG

Det er også ønskjeleg med

  • IP3-godkjenning
  • erfaring frå Politihøgskulen sine kurs/studier som instruktør og anna erfaring frå instruktørfaget
Personlege eigenskapar

For å trivast og lykkast i stillinga ser vi for oss at du

  • har høg grad av forståing for politiet si samfunnsrolle
  • er nytenkande, fleksibel og heilskapleg orientert

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformenher.

  • ein utfordrande og spennande arbeidsplass på seksjon for operative fag, øving og beredskap
  • eit godt arbeidsmiljø med kompetente og engasjerte kollegaer
  • fast stilling som politioverbetjent/instruktør (stillingskode 0287) med årslønn frå kr. 690 000
  • godtgjersle etter gjeldande ATB som for tida er kr 44 708 og tillegg for eventuell turnusteneste
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no. Det blir trekt to prosent fra løna til innskot i Statens pensjonskasse.
  • moglegheit for trening i arbeidstida

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.

Møre og Romsdal politidistrikt femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 270 000 menneske. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.

Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Elin Anja Drønnen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Operativ grensekontrollør
Operativ grensekontrollør

Møre og Romsdal Politidistrikt • Kristiansund

On-site
NOK 510,000 - 640,000
Bedriftshelsetjeneste
Pensjonsordning i Statens pensjonskass
IA-tiltak
Etterforskar
Etterforskar

Møre og Romsdal Politidistrikt • Molde

On-site
NOK 560,000 - 690,000
Fagansvarleg innan operativ kriminalanalyse/operativ kriminalanalytikar
Fagansvarleg innan operativ kriminalanalyse/operativ kriminalanalytikar

Møre og Romsdal Politidistrikt • Ålesund, Molde

On-site
NOK 560,000 - 690,000
Etterforskar
Etterforskar

Møre og Romsdal Politidistrikt • Ålesund

On-site
NOK 560,000 - 690,000
Trening i arbeidstida
Pensjonsordning (Statens pensjonskasse
Operatør - politibetjent 3/2/1
Operatør - politibetjent 3/2/1

Møre og Romsdal Politidistrikt • Ålesund

On-site
NOK 535,000 - 665,000
Operativ grensekontrollør
Operativ grensekontrollør

Møre og Romsdal Politidistrikt • Ålesund

On-site
NOK 510,000 - 640,000
Instruktør
Instruktør

Vebjørn Bale • Ålesund

On-site
NOK 621,000 - 759,000
Operasjonsleder ved operasjonssentralen
Operasjonsleder ved operasjonssentralen

Nordland politidistrikt • Bodø

On-site
NOK 790,000 - 870,000
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Gode pensjons- og forsikringsordninger
Næringslivskontakt
Næringslivskontakt

Agder politidistrikt • Arendal

On-site
NOK 730,000 - 760,000
Førstekonsulent
Førstekonsulent

Trøndelag politidistrikt • Gryta

On-site
NOK 560,000 - 610,000
Pensjonsordning
Fleksibel arbeidstid
Turnus
Top locations