Etterforskar

Arne Lid Skodje

Ålesund

Presencial

NOK 560.000 - 760.000

Jornada completa

Hace 6 días
Sé de los primeros/as/es en solicitar esta vacante

Una candidatura completa en un minuto

Currículum y carta de presentación personalizados, listos para enviar.

Supera los filtros ATS

Ventajas ofrecidas por este puesto de trabajo

IA-bedrift
Trening i arbeidstida

Descripción de la vacante

Arne Lid Skodje i Ålesund opplysingsrelatert politiarbeid søker etterforskingskyndige medarbeidarar. Ein vil arbeide med etterforsking av straffesaker som del av eit løysingsorientert team, og vere ein ambassadør for eit trygt samfunn.

Stillinga krev Politihøgskule, høg etisk standard, og evne til å byggje tillit i publikum. Lønn og vilkår følgjer regionale lønnsnivå for politiet.

Formación

  • Krav: fullført og bestått Politihøgskule med vitnemål vedlagt.
  • Gode skriftlege og munnlege formidlings- og kommunikasjonsevner.
  • Plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politietatest må hentast inn ved tilsetting.

Responsabilidades

  • Etterforskingsoppgåver og kvalitet i etterforsking.
  • Samarbeid i grupper ved større saker og i etterforsking på staden (PPS).
  • Kriminalitetsførebyggende arbeid og hjelpa til opplæring/kompetansehevande tiltak.

Conocimientos

kommunikasjonsevner
motivasjon
etisk integritet
trivialitet?

Educación

Politi(høg)skule

Descripción del empleo

Om stillinga

Ønskjer du ein meningsfull kvardag der du får jobbe med etterforsking av straffesaker ved Ålesund politistasjon? Vi har no ledig fleire faste stillingar som etterforskar.

Etterforskingsarbeidet skal vere ein integrert del av den førebyggjande strategien til politiet. I periodar må ein pårekne arbeid innan andre tjenesteområde, avhengig av behov i driftseininga.

Ålesund og Sunnmøre byr på storslått natur og unike moglegheiter for toppturar, skikjøring eller anna friluftsliv året rundt. Er du klar for ein ny arbeidskvardag i Ålesund? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.


Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter deg som er motivert og interessert i etterforskingsfaget. Vi stiller høge krav til fagleg motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.

Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evne til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.

I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på, i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.


Arbeidsoppgåver
  • etterforskingsoppgåver
  • sørgje for effektivitet og høg kvalitet i etterforskingsarbeidet
  • kriminalitetsførebyggande arbeid
  • krimvakt
  • samarbeid i grupper ved etterforsking av større saker
  • utføre etterforsking med politiarbeid på staden (PPS) som arbeidsmetode
  • andre oppgåver som høyrer til den daglege tenesta ved eininga
  • bidra med rettleiing og opplæring/kompetansehevande tiltak ved eininga
  • moglegheit for støtteliste ved vakt og beredskap i Ålesund kvar fjerde helg (krev minimum IP4-godkjenning)
  • delta i operative aksjonar i regi av eige avsnitt eller som bistand til andre avsnitt/einingar
  • kan påleggast andre arbeidsoppgåver

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • fullført og bestått Politi(høg)skule. Vitnemål skal leggast ved. Karakterskjema skal fyllast ut og leggast ved søknaden, sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema
  • god skriftleg og munnleg formidlings- og kommunikasjonsevne
  • plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar fra enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.

Det er også ønskjeleg med:

  • erfaring fra politistilling
  • gode resultat frå utdanning ved Politi(høg)skulen
  • erfaring fra etterforsking utover PHS
  • etter/-vidareutdanning innan etterforsking
  • anna relevant tilleggsutdanning/kurs/erfaring

Personlege eigenskapar
  • motivasjon og interesse for etterforskingsfaget
  • gode samarbeidsevner
  • strukturert og ansvarsbevisst i arbeidet ditt
  • evne til å byggje tillit hos publikum og gode kommunikasjonsferdigheter
  • ønskjer fagleg utvikling og bidrar til kunnskapsdeling

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her .


Dette kan vi tilby om du vel oss
  • ei utfordrande og meiningsfull fast stilling i Møre og Romsdal politidistrikt
  • stillinga vert lønna som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457).Tilsetting er avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.
    • Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 640 000 til kr. 690 000
    • Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 585 000 til kr. 635 000
    • Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 560 000 til kr 610 000
  • for særskilt kvalifiserte kandidatar kan stillingskode som politiførstebetjent eller politioverbetjent bli vurdert, jamfør lokale retningslinjer for etterforskningsløftet, politiførstebetjent brutto årslønn frå kr. 650 00 til kr 720 000, politioverbetjent brutto årslønn frå 680 000 kr. til kr 760 000.
  • ved eventuell endring av tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området
  • godtgjering etter gjeldande ATB på for tida 44 708 kr og tillegg for eventuell tunusteneste
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no Det blir trekt to prosent fra løna til innskot i Statens pensjonskasse
  • mogelegheit for trening i arbeidstida
  • Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.


Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her .

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Consigue la evaluación confidencial y gratuita de tu currículum.

o arrastra y suelta tu archivo aquí

Similar jobs

Puestos de trabajo similares que vale la pena comparar

Politibetjent 3/2/1 med funksjon som etterforskar
Politibetjent 3/2/1 med funksjon som etterforskar

Kristine Cseresnyes • Øygarden

Presencial
NOK 510.000 - 671.000
Pensjonsordning
Dagtidsarbeid
Fleksibel arbeidstid
+1
Tenesteplanleggjar
Tenesteplanleggjar

Møre og Romsdal Politidistrikt • Ålesund

Presencial
NOK 650.000 - 735.000
Fastlønn 650 000–735 000 NOK
Medlemskap i SPK
Fleksibel arbeidstid
+2
Fagansvarleg innan operativ kriminalanalyse/operativ kriminalanalytikar
Fagansvarleg innan operativ kriminalanalyse/operativ kriminalanalytikar

Tom Erik Erlandsen • Ålesund

Presencial
NOK 700.000 - 800.000
Politifullmektig/politiadvokat
Politifullmektig/politiadvokat

Julie Ulstein • Ålesund

Presencial
NOK 610.000 - 700.000
Fast stilling
Lønn 610 000–700 000 NOK
Fleksibel arbeidstid
+1
Tenesteplanleggjar
Tenesteplanleggjar

Jan Magnar Sandvik • Ålesund

Presencial
NOK 600.000 - 735.000
Fleksibel arbeidstid
Trening i arbeidstida
Bedriftshelsetjeneste & IA-bedrift
Patruljeleder i Svolvær
Patruljeleder i Svolvær

Andreas Bjørnstad • Svolvær

Presencial
NOK 650.000 - 700.000
Politibetjent, patrulje IP4
Politibetjent, patrulje IP4

Frode Forslund • Vennesla

Presencial
NOK 510.000 - 650.000
Pensjonsordning
Gratis parkering
Trening i arbeidstiden
Tenestestadsleiar Høyanger
Tenestestadsleiar Høyanger

Spørsmål om elektronisk søknad/ CV • Høyanger

Presencial
NOK 800.000 - 860.000
Pensjonsordning
Grunnstilling politi - forebyggende og patrulje Midtre Gauldal politistasjon
Grunnstilling politi - forebyggende og patrulje Midtre Gauldal politistasjon

Ole Petter Ustad • Støren

Presencial
NOK 510.000 - 680.000
Pensjons- og forsikringsordninger
Turnus som ivaretar HMS
Næringslivskontakt
Næringslivskontakt

Susanne Moe Zachariassen • Arendal

Presencial
NOK 730.000 - 760.000
Pensjonsordning
Kompetanseutvikling
Inkluderende arbeidsmiljø