Operatør - politibetjent 3/2/1

Møre og Romsdal Politidistrikt

Ålesund

On-site

NOK 535,000 - 665,000

Full time

7 days ago
Be an early applicant

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Job summary

Møre og Romsdal Politidistrikt søker operatør til Operasjonssentralen i Ålesund. Du vil handtere operative meldingar og naudmeldingar frå heile distriktet, og planlegge og koordinere den operative polititenesta under leiing av oppdragsleiar/operasjonsleiar.

Me tilbyr varierte oppgåver, eit godt arbeidsmiljø og konkurrerande løns- og tilsettevilkår. Det blir arbeidd i eit tredelt turnusmønster med helgefylgje og behov for fleksibilitet.

Qualifications

  • fullført og bestått Politi(høg)skule. Vitnemål skal leggast ved søknaden.
  • plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet.
  • Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.

Responsibilities

  • handtere operative meldingar og naudmeldingar frå heile politidistriktet
  • planlegge samt å koordinere den operative polititenesta under leiing av oppdragsleiar/operasjonsleiar
  • bidra til å sette i verk straksetterforsking
  • involvere nødvendig komplementær kompetanse i oppgåveløysinga
  • kan påleggast andre oppgåver

Skills

Samarbeidsevner
Etisk medvit
Krisetilstandshandtering

Education

Politi(høg)skule

Job description

Dine hovudoppgåver som operatør vil vere å handtere operative meldingar og naudmeldingar frå heile politidistriktet, og å planlegge og koordinere den operative polititenesta under leiing av oppdragsleiar/operasjonsleiar. Som operatør skal du samhandle med innsatsleiar, operativt mannskap og felles straffesaksinntak (FSI) for å sikre framdrift og løyse hendingsstyrte og planlagde oppdrag. Vi kan love deg ein spennande, variert og aktiv arbeidskvardag, med heile politidistriktet som arbeidsfelt!

I denne stillinga er det moglegheit for tilpassa personleg turnus etter nærmare avtale. Eksempelvis berre arbeid på natt eller intensive arbeidsperiodar som gir lengre friperiodar. Vi kan også tilby noko redusert stillingsprosent, dersom du ønskjer det. Ein vil inngå i ein tredelt turnus med for tida arbeid kvar tredje helg.

Fram til og med 15. november 2026 tilbyr vi eingongsutbetaling for tilsette som ønskjer å forplikte seg til stillinga i minst to år (kr. 150 000) eller i minst tre år (kr. 200 000) etter nærare avtale.

Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter motiverte medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet. Evna til å vere trygg, nærverande og lydhøyr i krevjande situasjonar og dessutan byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.

  • handtere operative meldingar og naudmeldingar frå heile politidistriktet
  • planlegge samt å koordinere den operative polititenesta under leiing av oppdragsleiar/operasjonsleiar
  • bidra til å sette i verk straksetterforsking
  • involvere nødvendig komplementær kompetanse i oppgåveløysinga
  • kan påleggast andre oppgåver
Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • fullført og bestått Politi(høg)skule. Vitnemål skal leggast ved søknaden.
  • plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.

Det er også ønskjeleg med

  • erfaring frå politistilling
  • erfaring frå operasjonssentral
Personlege eigenskapar
  • gode haldningar og samarbeidsevner

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformenher.

  • ein utfordrande og spennande arbeidsplass på operasjonssentralen i Ålesund
  • politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 535 000 - 585 000
  • politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 560 000 - 610 000
  • politibetjent 3 - brutto årslønn fra kr. 615 000 - 665 000
  • For særskilt kvalifiserte kan høgare lønnsplassering bli vurdert.
  • eingongsutbetaling for tilsette som forpliktar seg til stilling som operatør i minst 2 år (kr. 150 000) eller i minst 3 år (kr. 200 000). Avtale må inngåast innan 15. november 2026.
  • godtgjersle etter gjeldande ATB som for tida er kr 44 708 og tillegg for eventuell turnusteneste
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no .Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse.

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.

Operasjonssentralen er leiing- og koordineringssentral for både planlagde aktivitetar og operativ verksemd i politidistriktet. Vi handterer politiet sine naudmeldingar (112) og andre meldingar frå publikum og samvirkeaktørar.

Felles eining for operative tenester (FOT) består av to seksjonar, seksjon for operativ styring og seksjon for operative fag, øving og beredskap. Stillinga er organisert under seksjon for operativ styring. Seksjonen er inndelt i tre avsnitt som blir leia av kvar sin avsnittleiar. Operasjonssentralen har eit godt arbeidsmiljø og mange dyktige medarbeidarar. Vi er lokalisert på politihuset i Ålesund og er samlokalisert med 110-sentralen i Møre og Romsdal.

Møre og Romsdal politidistrikt femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 270 000 menneske. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.

Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Elin Anja Drønnen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Fagansvarleg innan operativ kriminalanalyse/operativ kriminalanalytikar
Fagansvarleg innan operativ kriminalanalyse/operativ kriminalanalytikar

Møre og Romsdal Politidistrikt • Ålesund, Molde

On-site
NOK 560,000 - 690,000
Etterforskar
Etterforskar

Møre og Romsdal Politidistrikt • Ålesund

On-site
NOK 560,000 - 690,000
Trening i arbeidstida
Pensjonsordning (Statens pensjonskasse
Driftseiningsleiar
Driftseiningsleiar

Møre og Romsdal Politidistrikt • Ålesund, Kristiansund

On-site
NOK 1,200,000 - 1,250,000
Statens pensjonskasse
Fleksibel arbeidstid
Trening i arbeidstida
+1
Politiadvokat med særlig ansvar for inndragning
Politiadvokat med særlig ansvar for inndragning

Møre og Romsdal Politidistrikt • Ålesund, Kristiansund, Molde

On-site
NOK 700,000 - 880,000
Pensjonsordning i Statens pensjonskass
Trening i arbeidstida
Operatører - seksjon for operasjonssentral
Operatører - seksjon for operasjonssentral

Marius Daffinrud Fosvold • Tønsberg

On-site
NOK 540,000 - 610,000
Politistasjonssjef
Politistasjonssjef

Agder politidistrikt • Skjolnes

On-site
NOK 920,000 - 960,000
Dagtidsordning
Gratis parkering
Trening i arbeidstiden
+1
Operatører - seksjon for operasjonssentral
Operatører - seksjon for operasjonssentral

Sør-Øst politidistrikt • Tønsberg

On-site
NOK 540,000 - 610,000
Pensjonsordning
Gode arbeidsbetingelser
Mulighet for utvikling
Politibetjent, patrulje IP4
Politibetjent, patrulje IP4

Agder politidistrikt • Vennesla

On-site
NOK 510,000 - 650,000
Gratis parkering
Trening i arbeidstiden
Gode arbeidsbetingelser
Førstekonsulent - Namfogden i Agder
Førstekonsulent - Namfogden i Agder

Agder politidistrikt • Kristiansand

On-site
NOK 550,000 - 600,000
Statens pensjonskasse
Gode pensjons- og forsikringsordninger
Politioperatør, pb 3/2/1 - Seksjon for operasjonssentral
Politioperatør, pb 3/2/1 - Seksjon for operasjonssentral

Oslo politidistrikt • Oslo

On-site
NOK 510,000 - 700,000
Gode pensjons- og forsikringsordninger
Tre-skifts turnus
Medlemskap i Statens pensjonskasse