Erhalte eine Antwort von diesem Arbeitgeber
Dein Lebenslauf und dein Anschreiben, genau auf das zugeschnitten, was gesucht wird.
Kenneth Huse i Kristiansund søker to faste grensekontrollørar til seksjon for utlendings- og grensekontroll. Stillinga inngår i politiet sin operative beredskap med oppsøkjande arbeid og helgeinnsats. Det krev jamnleg reiseverksemd i fylket og ei sterk fagleg utvikling.
Du må vere motivert, ha høg fagleg standard og kunne leia andre grensekontrollørar. Vi legg stor vekt på tilrettelegging og ivaretaking av mangfald i teamet.
Vil du bidra til å sikre Noreg mot truslar utanfrå, og sørgje for at dei som tek seg inn i landet har lov til det? Ønskjer du å jobbe med eit spennande fagfelt i stadig endring, er glad i utfordringar og vil jobbe i eit miljø med gode og dyktige kollegaer?Då kan dette vere jobben for deg.
Vi har ledig to faste stillinger som operativ grensekontrollør ved seksjon for utlendings- og grensekontroll i Kristiansund. Seksjonen består av høgt motiverte menn og kvinner fordelt på oppmøtestadane Ålesund og Kristiansund.
Vi arbeider med fagfelt som er høgt prioriterte sentralt og lokalt, og har godt og tett samarbeid med andre driftseiningar, særorgan og eksterne aktørar. Arbeidskvardagen er variert og tidvis hektisk, med krav til fleksibilitet og evne til å ta på seg ulike roller. Dette er ei ypparleg stilling for deg som ønskjer fagleg utvikling og variasjon i kvardagen. Seksjonen er operativ med oppsøkjande verksemd, og dette er ei operativ stilling som inngår i politiet sin operative beredskap med mellom anna operativ tjeneste i helger. Du må pårekne jamleg reiseverksemd i heile fylket.
Vi har eit spesielt godt arbeidsmiljø, og er ute etter deg som ønskjer å styrke dette ytterlegare og som er motivert til å bidra til å utvikle faget og seksjonen over tid.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken.Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing. Seksjonen ønskjer mangfald og ser spesielt positivt på søkjarar med bakgrunn/erfaring/perspektiv/kompetanse som kan utfylle det vi har frå før. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å møte utfordringar knytt til kriminalitetsnedkjemping. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, arbeidsmoral og etisk integritet.
Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
I vurderinga vår av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på, i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
Det er også ønskjeleg med
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her .
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV‑en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her .
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc