Etterforskar

Møre og Romsdal Politidistrikt

Molde

On-site

NOK 560,000 - 690,000

Full time

5 days ago
Be an early applicant

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Job summary

Molde politistasjon i Møre og Romsdal politidistrikt søker etterforskar med fagleg integritet og evne til å arbeide i eit travelt politimiljø. Stillinga krev tryggheit i daglege møte med publikum og høg etisk standard.

Tilsette vil bidra i etterforskingsarbeid, rettleiing ved seksjonen og delta i aksjonar. Politiet legg vekt på mangfald og inkluderande arbeidsmiljø, og vil gjere nødvendig tilrettelegging i rekrutteringsprosessen.

Qualifications

  • Krav om profesjonell framferd og evne til å vere tillitsskapande i møte med publikum.
  • Plettfri vandel og skikka for teneste i politiet. Politiattest må hentast inn ved tilsetjing.

Responsibilities

  • Utføre etterforsking med politiarbeid på staden (PPS) som arbeidsmetode.
  • Bidra med rettleiing og opplæring ved seksjonen.
  • Delta i aksjonar i regi av eigen seksjon eller som bistand til andre avsnitt/seksjonar.

Job description

Ønskjer du ein meiningsfull kvardag der du får jobbe med etterforsking av straffesaker ved Molde politistasjon? Vi har no ledig ei fast stilling som etterforskar.

Etterforskingsarbeidet skal vere ein integrert del av den førebyggjande strategien til politiet. I periodar må ein rekne med å bidra innan andre tenesteområde, avhengig av behovet i driftseininga.

Molde og Romsdal byr på storslått natur. Fjell og fjord, fotball og eit levande kulturliv. Det er unike moglegheiter for toppturar og friluftsliv, sommar som vinter, i nærleiken. Er du klar for ein ny arbeidskvardag i Molde? Då vil vi gjerne høyre frå deg. Vi vil ha deg på laget.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidreg til betre oppgåveløysing og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.

Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til kvar tid og fungerer som gode ambasadører for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evne til å vere trygg, tilstades i det daglege, lydhøyr, og å byggje tillit til publikum er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.

I vår vurdering av kandidatar er dette blant det vi legg vekt på. I tillegg ønskjer vi medarbeidarar som evnar å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.

  • utføre etterforsking med politiarbeid på staden (PPS) som arbeidsmetode
  • bidra med rettleiing og opplæring/kompetansehevande tiltak ved seksjonen
  • delta i aksjonar i regi av eigen seksjon eller som bistand til andre avsnitt/seksjonar
  • Plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jfr. Politioven §18 og Politiregisterloven §41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkatheitsvurderinga

Det er også ønskjeleg med

  • erfaring frå politistilling
  • erfaring frå etterforsking utover PHS
  • erfaring frå NCMEC/§311 saker
Personlege eigenskapar
  • ønskjer fagleg utvikling og bidreg til kunnskapsdeling

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk moral. Du blir kjenneteikna ved at du er modig og heilskapsorientert. Du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattforme her .

  • ein utfordrande og meiningsfull kvardag med utviklingsmoglegheiter i Møre og Romsdal politidistrikt
  • politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 640 000 til kr. 690 000
  • politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 585 000 til kr. 635 000
  • politibetjent 1 - brutto årslønn fra kr. 560 000 til kr. 610 000
  • for særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
  • ved andre tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området
  • godtgjering etter gjeldande ATB på for tida 44 708 kr og tillegg for eventuell tunusteneste
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no . Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
  • mogelegheit for trening i arbeidstida
  • fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift og tilknyting til bedriftshelseteneste

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar fra kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her .

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video:

Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Opplysningane om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje vil du bli varsla om dette.

Seksjonsleiar

Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 000 menneske. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre.

Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.

Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Elin Anja Drønnen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Operativ grensekontrollør
Operativ grensekontrollør

Møre og Romsdal Politidistrikt • Kristiansund

On-site
NOK 510,000 - 640,000
Bedriftshelsetjeneste
Pensjonsordning i Statens pensjonskass
IA-tiltak
Etterforskar
Etterforskar

Møre og Romsdal Politidistrikt • Ålesund

On-site
NOK 560,000 - 690,000
Trening i arbeidstida
Pensjonsordning (Statens pensjonskasse
Fagansvarleg innan operativ kriminalanalyse/operativ kriminalanalytikar
Fagansvarleg innan operativ kriminalanalyse/operativ kriminalanalytikar

Møre og Romsdal Politidistrikt • Ålesund, Molde

On-site
NOK 560,000 - 690,000
Instruktør
Instruktør

Møre og Romsdal Politidistrikt • Ålesund

On-site
NOK 621,000 - 759,000
Fast stilling
ATB-tillegg
Statens pensjonskasse
+1
Operatør - politibetjent 3/2/1
Operatør - politibetjent 3/2/1

Møre og Romsdal Politidistrikt • Ålesund

On-site
NOK 535,000 - 665,000
Operativ grensekontrollør
Operativ grensekontrollør

Møre og Romsdal Politidistrikt • Ålesund

On-site
NOK 510,000 - 640,000
Etterforsker - seksuelle overgrep og vold i nære relasjoner
Etterforsker - seksuelle overgrep og vold i nære relasjoner

Øst politidistrikt • Lillestrøm

On-site
NOK 510,000 - 749,000
Etterforskar
Etterforskar

Arne Lid Skodje • Ålesund

On-site
NOK 560,000 - 760,000
IA-bedrift
Trening i arbeidstida
Næringslivskontakt
Næringslivskontakt

Agder politidistrikt • Arendal

On-site
NOK 730,000 - 760,000
Etterforsker ved Kristiansand politistasjon
Etterforsker ved Kristiansand politistasjon

Agder politidistrikt • Kristiansand

On-site
NOK 510,000 - 650,000
Top locations