Instruktør

Vebjørn Bale

Ålesund

On-site

NOK 621,000 - 759,000

Full time

6 days ago
Be an early applicant

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Job summary

Møre og Romsdal politidistrikt lyser ut fast stilling som instruktør innan operative fag ved Felles eining for operativ teneste (FOT). Oppmøtestad Ålesund.

Du får ei viktig rolle i å planlegge, gjennomføre, evaluere og vidareutvikle trening som sikrar at medarbeidarane våre er godt rusta til å løyse samfunnsoppdraget. Stillinga krev bred operativ erfaring frå politiet, IP4-godkjenning og god kommunikasjonsevne.

Qualifications

  • fullført og bestått politi(høg)skule
  • minimum IP4-godkjenning
  • brei operativ erfaring frå politi-/ lensmannsetaten
  • god munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne
  • plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Polit iattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.
  • må kunne klarerast for sikkerheitsnivå HEMMELEG

Responsibilities

  • planleggje, drifte, gjennomføre og evaluere operativ trening i politidistriktet, herunder også saman med eksterne samarbeidspartnarar
  • gjennomføre risikoanalysar og tryggleiksvurderingar knytt til all operativ trening
  • bidra til fagutvikling innan det operative fagområde
  • gjennomføre trening som sikrar vedlikehald av eigen IP-status
  • inngå i støtteliste for vakt og beredskap kvar tredje helg
  • må pårekne beordringar til Politihøgskulen
  • kan påleggast andre oppgåver

Skills

Operativ erfaring
Kommunikasjonsevne
Pedagogisk evne
Samarbeidsevner

Education

Politi(høg)skule
IP4-godkjenning
IP3-godkjenning

Job description

Om stillinga

Vil du vere med å utvikle den operative kompetansen i politidistriktet? Møre og Romsdal politidistrikt har no ledig fast stilling som instruktør innan operative fag.

Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk instruktør som ønskjer å bidra til å styrkje den operative beredskapen i Møre og Romsdal politidistrikt. Som instruktør innan operativ trening får du ei viktig rolle i å planleggje, gjennomføre, evaluere og vidareutvikle trening som sikrar at medarbeidarane våre er best mogleg rusta til å løyse samfunnsoppdraget. Vi ser etter deg som er ein god rollemodell for kollegaene dine og går føre som eit godt førebilete i tenesteutøvinga. Det blir stilt krav til at du kan organisere og leie andre, samstundes som du arbeider sjølvstendig og tek ansvar for eigne oppgåver.

Stillinga er organisert under seksjon for operative fag, øving og beredskap ved Felles eining for operativ teneste (FOT). Oppmøtestad Ålesund.Fagleg sett ligg stillinga under fagleiar operative fag i seksjonen. Dagleg aktivitet vil innebere kontakt med alt operativt personell i politidistriktet, og andre relevante interne og eksterne samarbeidspartnarar.

Vi oppfordrer særleg kvinner til å søkje på stilling som instruktør.

Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi søkjer etter medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, arbeidsmoral og etisk integritet.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.

Arbeidsoppgåver
  • planleggje, drifte, gjennomføre og evaluere operativ trening i politidistriktet, herunder også saman med eksterne samarbeidspartnarar
  • gjennomføre risikoanalysar og tryggleiksvurderingar knytt til all operativ trening
  • bidra til fagutvikling innan det operative fagområde
  • gjennomføre trening som sikrar vedlikehald av eigen IP-status
  • inngå i støtteliste for vakt og beredskap kvar tredje helg
  • må pårekne beordringar til Politihøgskulen
  • kan påleggast andre oppgåver
Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • fullført og bestått politi(høg)skule
  • minimum IP4-godkjenning
  • brei operativ erfaring frå politi-/ lensmannsetaten
  • god munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne
  • plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga
  • må kunne klarerast for sikkerheitsnivå HEMMELEG

Det er også ønskjeleg med

  • instruktørutdanning
  • spesialutdanningsr
  • IP3-godkjenning
  • erfaring frå Politihøgskulen sine kurs/studier som instruktør og anna erfaring frå instruktørfaget
Personlege eigenskapar

For å trivast og lykkast i stillinga ser vi for oss at du

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • har pedagogisk evne til å motivere medarbeidarar
  • har høg grad av forståing for politiet si samfunnsrolle
  • er nytenkande, fleksibel og heilskapleg orientert
  • er sjølvstendig og strukturert med stor arbeidskapasitet

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformenher.

Dette kan vi tilby om du vel oss
  • ein utfordrande og spennande arbeidsplass på seksjon for operative fag, øving og beredskap
  • eit godt arbeidsmiljø med kompetente og engasjerte kollegaer
  • fast stilling som politioverbetjent/instruktør (stillingskode 0287) med årslønn frå kr. 690 000
  • godtgjersle etter gjeldande ATB som for tida er kr 44 708 og tillegg for eventuell turnusteneste
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no .Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
  • tilknyting til bedriftshelseteneste
  • moglegheit for trening i arbeidstida

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.

Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i statenher.

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video:https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Operativ grensekontrollør
Operativ grensekontrollør

Kenneth Huse • Kristiansund

On-site
NOK 510,000 - 640,000
Fast stilling
ATB tillegg
Pensjonskasse
+1
Tenesteplanleggjar
Tenesteplanleggjar

Jan Magnar Sandvik • Ålesund

On-site
NOK 600,000 - 735,000
Fleksibel arbeidstid
Trening i arbeidstida
Bedriftshelsetjeneste & IA-bedrift
Etterforskar
Etterforskar

Arne Lid Skodje • Ålesund

On-site
NOK 560,000 - 760,000
IA-bedrift
Trening i arbeidstida
Kjøreinstruktør (R4726)
Kjøreinstruktør (R4726)

Svein Eikemo Graue • Larvik

On-site
NOK 780,000 - 820,000
Pensjonsordning
Kompetanseutvikling
Fleksibel arbeidstid
+1
Tenesteplanleggjar
Tenesteplanleggjar

Møre og Romsdal Politidistrikt • Ålesund

On-site
NOK 650,000 - 735,000
Fastlønn 650 000–735 000 NOK
Medlemskap i SPK
Fleksibel arbeidstid
+2
To politiinspektører (jurister) til straffesaksseksjonen
To politiinspektører (jurister) til straffesaksseksjonen

Liv Aasberg Corneliussen • Oslo fylke

On-site
NOK 880,000 - 1,100,000
Statens pensjonskasse
Fleksibel arbeidstid
Hjemmekontor
+1
Egersund politistasjon - seksjonsleder forebyggende og patrulje
Egersund politistasjon - seksjonsleder forebyggende og patrulje

Saleem Rana • Egersund

On-site
NOK 860,000 - 1,052,000
Pensjonsordning med Statens PensjonskK
Gode arbeidsbetingelser
Fagansvarleg innan operativ kriminalanalyse/operativ kriminalanalytikar
Fagansvarleg innan operativ kriminalanalyse/operativ kriminalanalytikar

Tom Erik Erlandsen • Ålesund

On-site
NOK 700,000 - 800,000
Politibetjent ved Innhavet/Steigen politistasjoner
Politibetjent ved Innhavet/Steigen politistasjoner

Petter Michael Hovland • Strávnjunnje - Innhavet

On-site
NOK 510,000 - 650,000
Pensjonsordning
Bedriftshelsetjeneste
Variert arbeidstid
Grunnstilling politi - forebyggende og patrulje Midtre Gauldal politistasjon
Grunnstilling politi - forebyggende og patrulje Midtre Gauldal politistasjon

Trøndelag politidistrikt • Støren

On-site
NOK 510,000 - 680,000
Gode arbeidsbetingelser
Top locations