Operativ grensekontrollør

Kenneth Huse

Ålesund

On-site

NOK 510,000 - 640,000

Full time

5 days ago
Be an early applicant

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Fast stilling
Tilrettelegging i arbeidssituasjon
Pensjonsordning

Job summary

Politiet i Møre og Romsdal søker operativ grensekontrollør til seksjon for utlendings- og grensekontroll i Ålesund. Fast stilling i eit team som reiser mellom Ålesund og Kristiansund, med varierte oppgåver og variert arbeidstid.

Stillingen krev politiutdanning, IP4-godkjenning, og dokumentert norsk/engelsk formidlingsevne. God basiskunnskap i IKT vert vektlagt, og tilsette blir inkludert i totalberedskapen.

Qualifications

  • Fullført og bestått politi(høg)skule ved tiltreding. Vitnemål og karakterskjema vedlegges.
  • IP4-godkjenning, eller må kunne blir godkjent
  • God skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk og engelsk
  • God basiskunnskap i IKT
  • Plettpfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Attest krevst ved tilsetting, jf. lovverket

Responsibilities

  • Systematisk overvaking av luft- og sjøgrensa i Møre og Romsdal.
  • Oppsøkjande fysisk kontroll av fartøy.
  • Planleggje og gjennomføre personkontrollar.
  • Vareta og byggje tillit til publikum gjennom god kommunikasjon og saksbehandling.
  • Veileie og opplæring av andre grensekontrollørar.
  • Vareta andrelinje grensekontroll – inkludert bort-/utvisingssaker.
  • Operativ teneste og del av totalberedskapen.
  • Jamleg dialog og samarbeid med eksterne aktørar.
  • Andre oppgåver kan leggjast til ved behov.

Skills

Gode haldningar
Kommunikasjonsferdigheiter
Samarbeidsferdigheiter
Engelsk kunnskap
IKT-kunnskap

Education

Politiutdanning
IP4-godkjenning

Tools

IKT-kunnskap

Job description

Om stillinga

Vil du bidra til å sikre Noreg mot truslar utanfrå, og sørgje for at dei som tek seg inn i landet har lov til det? Ønskjer du å jobbe med eit spennande fagfelt i stadig endring, er glad i utfordringar og vil jobbe i eit miljø med gode og dyktige kollegaer?Då kan dette vere jobben for deg.

Vi har ledig ei fast stilling som operativ grensekontrollør ved seksjon for utlendings- og grensekontroll i Ålesund. Seksjonen består av høgt motiverte menn og kvinner fordelt på oppmøtestadane Ålesund og Kristiansund.

Vi arbeider med fagfelt som er høgt prioriterte sentralt og lokalt, og har godt og tett samarbeid med andre driftseiningar, særorgan og eksterne aktørar. Arbeidskvardagen er variert og tidvis hektisk, med krav til fleksibilitet og evne til å ta på seg ulike roller. Dette er ei ypparleg stilling for deg som ønskjer fagleg utvikling og variasjon i kvardagen. Seksjonen er operativ med oppsøkjande verksemd, og dette er ei operativ stilling som inngår i politiet sin operative beredskap med mellom anna operativ tjeneste i helger. Du må pårekne jamleg reiseverksemd i heile fylket.

Vi har eit spesielt godt arbeidsmiljø, og er ute etter deg som ønskjer å styrke dette ytterlegare og som er motivert til å bidra til å utvikle faget og seksjonen over tid.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken.Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing. Seksjonen ønskjer mangfald og ser spesielt positivt på søkjarar med bakgrunn/erfaring/perspektiv/kompetanse som kan utfylle det vi har frå før. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.


Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å møte utfordringar knytt til kriminalitetsnedkjemping. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, arbeidsmoral og etisk integritet.

Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.

I vurderinga vår av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på, i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.


Arbeidsoppgåver
  • systematisk overvaking av luft -og sjøgrensa i Møre og Romsdal
  • oppsøkjande fysisk kontroll av fartøy
  • planleggje og gjennomføre personkontrollar
  • vere oppdatert på fagfeltet og tilgjengeleg ressursperson for andre driftseiningar
  • rettleiing og opplæring av andre grensekontrollørar
  • vareta andrelinje grensekontroll – under dette opprette og gjennomføre bort-/utvisingssaker
  • operativ tjeneste og del av totalberedskapen i politidistriktet
  • jamleg dialog og samarbeid med eksterne aktørar
  • andre oppgåver kan leggjast til ved behov

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • fullført og bestått politi(høg)skule ved tiltreding. Vitnemål og karakterskjema skal leggast ved søknaden, sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema2023.xlsx . Vitnemål må ettersendast for avgangsstudentar 2026.
  • IP4-godkjenning, eller må kunne bli godkjent
  • god skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk og engelsk
  • god basiskunnskap IKT
  • plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar fra enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.

Det er også ønskjeleg med

  • relevant tilleggsutdanning og erfaring frå fagområdet
  • erfaring frå etterretning og utlendingskontroll
  • språkkompetanse utover engelsk

Personlege eigenskapar
  • gode haldningar, kommunikasjons- og samarbeidsferdigheiter
  • sjølvstendig med evne til å arbeide systematisk
  • lagspelar som bidrar positivt til arbeidsmiljøet i atferd og engasjement
  • tar initiativ til eigen utvikling, har høg lærevilje og evne.

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her .

Personlege eigenskapar blir vektlagt.


Dette kan vi tilby om du vel oss
  • ein utfordrande og utviklande arbeidsplass
  • fast stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457) i Møre og Romsdal politidistrikt, avhengig av kompetanse, jf. kompetansekriteriene for politibetjenter
    • politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 510 000 til kr. 585 000
    • politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 535 000 til kr. 610 000
    • politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 590 000 til kr. 640 000
  • For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering vurderast. Ved endring av tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området.
  • godtgjersle etter gjeldande ATB som for tida er kr 44 708 og tillegg for eventuell turnusteneste
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no . Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
  • tilknyting til bedriftshelsetjeneste og fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.


Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her .

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc
Slik søkjer du

Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.


Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Operativ grensekontrollør
Operativ grensekontrollør

Kenneth Huse • Kristiansund

On-site
NOK 510,000 - 640,000
Fast stilling
ATB tillegg
Pensjonskasse
+1
Politifaglig lederstøtte - Tønsberg politistasjonsdistrikt
Politifaglig lederstøtte - Tønsberg politistasjonsdistrikt

Kompetansekart • Tønsberg

Hybrid
NOK 702,000 - 858,000
Etterforskar
Etterforskar

Arne Lid Skodje • Ålesund

On-site
NOK 560,000 - 760,000
IA-bedrift
Trening i arbeidstida
Politibetjent 1
Politibetjent 1

Camilla Fein • Oslo fylke

On-site
NOK 540,000 - 560,000
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Trening i arbeidstiden
Fleksibel arbeidstid
Politibetjenter 3/2/1 ved Innhavet/Steigen politistasjoner
Politibetjenter 3/2/1 ved Innhavet/Steigen politistasjoner

Ronny Borge • Hamarøy

On-site
NOK 510,000 - 650,000
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Muligheten for trening i arbeidstiden
Sommervikar: Førstekonsulent i sivil rettspleie
Sommervikar: Førstekonsulent i sivil rettspleie

Evelyn Bråten Tømmervik • Mo i Rana

On-site
NOK 460,000 - 630,000
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Gode arbeidsbetingelser med mulighet for trening i arbeidstiden
Inntil 6 politibetjenter til deltidsstillinger ved politiets utlendingsinternat
Inntil 6 politibetjenter til deltidsstillinger ved politiets utlendingsinternat

Stig Roar Fjeldvang • Ullensaker

On-site
NOK 500,000 - 660,000
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Gode arbeidsbetingelser
Parkeringsmuligheter
+1
Tenesteplanleggjar
Tenesteplanleggjar

Jan Magnar Sandvik • Ålesund

On-site
NOK 600,000 - 735,000
Fleksibel arbeidstid
Trening i arbeidstida
Bedriftshelsetjeneste & IA-bedrift
Inntil 2 administrative tilsettinger som politibetjent 1-3 ved seksjon for utreise
Inntil 2 administrative tilsettinger som politibetjent 1-3 ved seksjon for utreise

Thomas Listerud • Ullensaker

On-site
NOK 510,000 - 660,000
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Mulighet for trening i arbeidstiden
Fri parkering i arbeidstiden
Informantbehandler
Informantbehandler

Sør-Øst politidistrikt • Skien

On-site
NOK 600,000 - 700,000
Pensjonsordning
Gode forsikringsordninger
Top locations