Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Terna avlasting søkjer engasjerte og omsorgsfulle ringevikarar som kan ta vakter ved behov. Som ringevikar får du moglegheit til å arbeide når det passar for deg, samtidig som du blir ein viktig del av eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø.
Arbeidet passar godt for deg som ønskjer å kombinere jobb med studium eller anna arbeid. Vi tilbyr varierte oppgåver, fokus på meistring og god samarbeid med kollegaer og føresette i ein kommune som prioriterer tryggleik og kvalitet.
Stillingstittel Miljøarbeidar – ringevikar ved Terna avlasting
Vil du vere med på å skape trygge, gode og meiningsfulle dagar for barn og unge og bli ein del av teamet vårt?
Terna avlasting på Rong søkjer engasjerte og omsorgsfulleringevikarar som kan ta vakter ved behov.
Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der du saman med gode kollegaer bidreg til at barn og unge med ulike funksjonsnedsetjingar får tryggleik, gode opplevingar og individuelt tilpassa oppfølging.
Som ringevikar får du moglegheit til å arbeide når det passar for deg, samtidig som du blir ein viktig del av eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø. Arbeidet kan passe godt for deg som ønskjer å kombinere jobb med studium, annan jobb eller andre aktivitetar.
Terna avlasting gir avlasting til familiar med barn og unge med nedsett funksjonsevne.
Vi legg stor vekt på å gi trygg og god avlasting tilpassa den enkelte, med fokus på meistring, trivsel, aktivitet og gode relasjonar.
Arbeidet inneber vakter etter behov, både på dag, kveld og helg. Det kan også vere aktuelt med langvakter på helg.
Som miljøarbeidar hos oss vil du mellom anna:
Vi ser etter deg som har:
Søkjarar med relevant erfaring frå arbeid med barn og unge med nedsett funksjonsevne kan bli vurderte sjølv om dei ikkje har fagbrev.
Ved tilsetjing vil det bli lagt stor vekt på personleg eignaheit.
Det er ein fordel om du harVi ser etter deg som ertrygg, fleksibel og løysingsorientert, og som møter barn og unge med respekt, varme og tolmod.
Du kommuniserer godt med både barn, føresette og kollegaer, og du evnar å sjå den enkelte sine behov. Du likar å samarbeide, men kan også ta ansvar og arbeide sjølvstendig når det trengst.
Som ringevikar er det viktig at du er fleksibel og kan stille på vakter på relativt kort varsel når behovet oppstår. Samtidig har vi forståing for at tilgjengelegheita kan variere.
Hos oss er ingen dagar heilt like – og det er nettopp det som gjer jobben spennande og meiningsfull.
Helene Herdlevær Jentoft
Avdelingsleiar Terna avlastning
Tlf. 990 86 598
Monica Førde Landro
Leiar forvaltning og støttetenester
Tlf. 95 80 85 36
Øygarden kommuneønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at v åre medarbeidarar i st ørst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen åleggja til rette forarbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett oppei offentleg søkjarlistemednamn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje åvert førtopp på søkjarlista. Dersomoppmodingaikkje vert tekentil følgje, vertsøkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 40 700 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet.Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.