Get more replies from employers
Send a job-specific resume in minutes.
Kolltveit skule i Øygarden kommune søker ein avdelingsleiar med ansvar for dagleg drift og utvikling av skulen. Stillinga gir ca. 40% undervisning og koordinering av elevar med særskilte behov i eit kollegafellesskap.
Skulen har ca. 225 elevar i 12 klassar og ligg sentralt i Kolltveit, ca. 5 minutt med bil frå Straume. Du vert del av leiingsteamet, med særleg ansvar for 5.–7. trinn og rettleiing av nytilsette.
Kolltveit skule er ein fulldelt barneskule med om lag 225 elevar fordelt på 12 klassar. Skulen ligg sentralt i Øygarden kommune på Kolltveit om lag 5 minutt med bil vest for Straume. Skulen har dei siste åra hatt lesing og elevane sitt læringsmiljø som hovudsatsingsområde, noko vi har bestemt oss for å halda fast ved framover.
Vidare satsar skulen på forskingsbasert utvikling i eit profesjonelt kollegafellesskap.
Kolltveit skule er ein fulldelt barneskule med om lag 225 elevar fordelt på 12 klassar. Skulen ligg sentralt i Øygarden kommune på Kolltveit om lag 5 minutt med bil vest for Straume. Skulen har dei siste åra hatt lesing og elevane sitt læringsmiljø som hovudsatsingsområde, noko vi har bestemt oss for å halda fast ved framover.
Vidare satsar skulen på forskingsbasert utvikling i eit profesjonelt kollegafellesskap.
Odd Erik KjeldstadRektor
E-post: odd.kjeldstad@oygarden.kommune.no
Telefon: 55097600/99645370
Øygarden kommuneønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 40 700 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet.Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.