Get more replies from employers
Send a job-specific resume in minutes.
Straume bu og servicesenter i Straume søkjer etter ein engasjert tilsette til eit 80% fast dagsenterverv med variert pleie- og omsorgsoppgåver. Arbeidet inneber stell, pleie og aktivitet, og deling av ansvaret for eit godt fagleg arbeidsmiljø.
Du må trives med menneske og kunne arbeide sjølvstendig og i team. Krav om autorisasjon/utdanning, politiattest og kjøyrerkort. Tilbod om kompetanseutvikling og eit godt arbeidsmiljø i Øygarden kommune.
Blombakkane 3, 5354 Straume
Vil du jobbe i eit triveleg og godt arbeidsmiljø med spennande oppgåver?
Straume bu og servicesenter er eit unikt og levande senter lokalisert sentralt på Straume. Vi har ei flott personalgruppe som saman gjer sitt beste for at våre bebuarar skal få vere aktiv, oppleve tryggleik og meistring. På senteret jobbar det sjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, helsefagarbeidarar, miljøterapeutar og assistentar.
Dei tilsette ved senteret skal ha eit godt arbeidsmiljø der fagleg utvikling og kontinuerleg forbetring vert vektlagt.
Senteret innehold tre bufellesskap, ei dagavdeling og 27 omsorgsbustader. Det er no ledig 80% fast stilling på vårt dagsenter med 15 brukarar. Delar av stillinga er knytt til bufellesskap for vaksne utviklingshemma.
20% av stillinga er knytt til timebank som er lagt inn i årsturnus.
Du må trivast saman med menneske og ønskje å yte ditt beste for å ivareta våre brukarar. Dei vi skal hjelpe har ulike behov, og du må kunne utføre varierte oppgåver knytt til stell, pleie og aktivitet.

Avdelingsleiar Astrid Geitle: 913 19 622
Øygarden kommuneønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 40 700 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet.Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige veri...