Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Austrheim kommune søker sjukepleiar til Heimetenesta, med dag- og kveldsvakter og kvar 4. helg. Stillinga tilbyr lange helgevakter og eit tverrfagleg arbeidslag.
Du får vere del av eit livskraftig helse-/omsorgsfellesskap og bidreg til kvalitet, fagutvikling og nye digitale løysingar. God pensjonsordning og vidareutdanning er inkludert.
Vi har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar i Heimetenesta, med arbeid på dag og kveld, og kvar 4. helg.
I Heimetenesta har vi valt å satse på langvakter i helg, noko som gir ein annleis og spennande arbeidskvardag. Helgevaktene er på 14 timar laurdag og søndag og gir lengre samanhengande arbeidsperiodar og færre helger på jobb.
Heimetenesta er organisert i éi sone, med oppmøtestad i underetasjen på Nordliheimen sjukeheim. Som sjukepleiar får du ein variert og sjølvstendig arbeidsdag, samtidig som du blir ein viktig del av eit tverrfagleg team med fokus på kvalitet, fagleg utvikling og gode tenester for brukarane våre.
Vi nyttar i dag Visma Profil, men er godt i gang med arbeidet med å ta i bruk eit nytt elektronisk pasientjournalsystem. Digitalisering og bruk av ny teknologi er viktige satsingsområde for framtida i Austrheim kommune, og som medarbeidar i Heimetenesta får du vere med på denne utviklinga.
Det tverrfaglege samarbeidet er godt forankra i helse- og omsorgstenesta sitt arbeid med kvalitetsforbetring og fagutvikling. Vi samarbeider også på tvers av einingane innan pleie og omsorg for å utvikle gode arbeidsprosessar, utnytte ressursane på ein god måte og sikre forsvarlege og framtidsretta tenester.
Hos oss får du moglegheit til å bruke sjukepleiarkompetansen din i ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der du får arbeide tett på brukarane og samtidig vere med på å utvikle Heimetenesta videre.
Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.
Vi bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling - både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=cAPEqSQlYUg