Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Hege Bergsvik Sætre i Austrheim søkjer ein engasjert vernepleiar som vil arbeide i eit tverrfagleg og inkluderande fagmiljø for vaksne med psykisk utviklingshemming og samansette behov.
Du vil planleggje, gjennomføre og evaluere målretta miljøterapeutiske tiltak, oppfølging og individuelle mål, og bruke breidda i vernepleiarfaget i dagleg arbeid.
Vi tilbyr lange vakter i inntil 14 timar kvar fjerde helg, eit trygt arbeidsmiljø og moglegheit til fagleg utvikling.
Er du ein engasjert og fagleg trygg vernepleiar som brenn for menneske, meistring og utvikling? Har du lyst til å bruke kompetansen din til å gjere ein forskjell i kvardagen til vaksne personar med psykisk utviklingshemming og samansette behov?
Då vil vi gjerne ha deg med på laget!
Vi har ledig 100 % fast stilling som vernepleiar i vår eining.
Hos oss blir du ein viktig del av eit tverrfagleg og inkluderande fagmiljø, der vi arbeider målretta for at kvar enkelt brukar skal få moglegheit til å leve eit trygt, meiningsfullt og mest mogleg sjølvstendig liv.
Som vernepleiar hos oss får du ei variert og meiningsfull rolle, der du får bruke breidda i vernepleiarfaget. Du vil få bruke både relasjonskompetansen din, det miljøterapeutiske arbeidet og den helsefaglege kompetansen i oppfølginga av brukarane.
Vi legg vekt på fagleg utvikling, samarbeid og refleksjon, og du vil få ei sentral rolle i arbeidet med å utvikle gode og heilskaplege tenester rundt den enkelte brukar.
Krav til kvalifikasjonar
Ønskjelege kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som er fagleg trygg, og som har gode evner til å gjere vurderingar og utøve fagleg skjønn. Du ser ressursane og moglegheitene hos den enkelte, og er engasjert i menneske med eit ønske om å bidra til utvikling, meistring og gode kvardagar.
Du har gode samarbeidsevner og kommuniserer godt med brukarar, pårørande og kollegaer. Du arbeider strukturert og sjølvstendig, samtidig som du er ein lagspelar som bidreg positivt i fellesskapet. Vi ønskjer også at du er løysingsorientert og fleksibel, og at du har eit ønske om å bidra til utvikling av tenestene.
Du har eit positivt menneskesyn og møter andre med respekt, varme og openheit.
Personlege eigenskapar vil bli lagde stor vekt på.
Vi bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling - både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=cAPEqSQlYUg