Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Me treng helgevikarar og tilkallingsvikarar for institusjonstenester og tilkallingsvikarar i heimetenester.
Institusjonstenester og heimetenester er organisert i kommunalområde helse og omsorg.
Som tilkallingsvikar bestemmer du heilt fritt når du vil jobbe, som helgevikar er arbeidstida etter turnus.
1. helsetun
2. kjøken
3. heimebaserte tenester
4. dagtilbod for heimebuande personar med kognitiv svikt
Skriv i søknaden om du ynskjer eitt av vala under, eller om du vil kombinere nokon av desse:
Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbI
Me søker deg som har lyst til å jobbe med pasientar og brukarar. Det vert difor lagt stor vekt på personlege eigenskapar, og vi ynskjer at du;
- har interesse, og er motivert til å jobbe innan helse og omsorg
- er audmjuk, fleksibel og løysingsorientert
- har evne til samarbeid, og kan kommunisere godtmedpasientar,brukarar og kollegaer
-tek initiativ og er engasjert slik at trivnaden til pasient og brukar skal bli best mogleg
- har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- har godt humør og er positiv
- tek nye utfordringar
Våre verdiar er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kangjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Treng du hjelp i samband med søknaden, ta kontakt med Jobbnorge på telefon +47 75 54 22 20, mandag til fredag mellom kl. 08.00-16.00, eller send E-post til support@grade.no . Du vil få raskt svar, og veldig god hjelp av hyggelege medarbeidarar.
NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.