Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Austrheim legekontor søkjer ein engasjert helsesekretær til eit eittårsvikariat frå 4. januar 2027. Stillinga inneber varierte kontorfaglege oppgåver, resepsjon, telefonkontakt og arbeide med HELFO-registrering.
Med tre stillingar for helsesekretær og to sjukepleiarar blanding, blir du ein del av eit lite, oversiktleg team i eit tverrfagleg arbeidsmiljø. Ein trygg og inkluderande arbeidsplass står i fokus.
Vi søkjer ein engasjert og serviceinnstilt medarbeidar til eit eittårsvikariat som helsesekretær frå 4. januar 2027, med moglegheit for fast tilsetting. Har du annan relevant helsefagleg kompetanse, kan du òg vere aktuell for vikariatet.
Hos oss blir du ein viktig del av eit tverrfagleg arbeidsmiljø, der godt samarbeid og god pasientflyt står sentralt. Stillinga inneber varierte kontorfaglege oppgåver, bruk av digitale løysingar og arbeid med å sikre gode og effektive arbeidsprosessar i kvardagen.
Ved Austrheim legekontor arbeider det to fastlegar, to LIS1-legar og kommuneoverlege. I tillegg har kontoret tre stillingar for hjelpepersonell, fordelt på to sjukepleiarar og éin helsesekretær. Du blir dermed del av eit lite og oversiktleg arbeidsmiljø med tett samarbeid mellom ulike faggrupper.
Austrheim legekontor er ein aktiv og variert arbeidsplass med fastlegepraksis og daglegevakt. Legane ved kontoret har òg tilsynslegefunksjon ved sjukeheimen og legefunksjon ved helsestasjonen. Dette gir ein variert arbeidskvardag og eit breitt fagleg miljø.
Kvalifikasjonskrav
Ønskte kvalifikasjonar
Vi ønskjer deg som er framoverlent og blir motivert av utviklingsarbeid. Du er serviceinnstilt og har gode samarbeidsevner. Du arbeider sjølvstendig, samtidig som du trivst godt med å jobbe i team. Du er effektiv, ansvarleg og løysingsorientert. I ein aktiv og variert arbeidskvardag er du fleksibel og evnar å prioritere og omstille deg når situasjonen krev det.
Vi bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling - både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=cAPEqSQlYUg