No envíes un currículum genérico — crea un currículum y una carta de presentación adaptados a este puesto concreto.
Austrheim kulturskule søkjer ein kulturskulelærar i visuelle kunstfag med 15% vikariat frå 01.08.2026 til 31.07.2027. Stillinga inneber utvikling av undervisningstilbodet og tilrettelegging for enkeltelevar og grupper.
Vi ønskjer deg med relevant kunstfagleg utdanning og dokumentert undervisningskompetanse, i tillegg til samarbeidsevner og god kommunikasjon med elevar og føresette. Området inkluderer utstillingar og prosjektarbeid ved kulturskulen.
Austrheim kulturskule har ledig eit 15% vikariat som kulturskulelærar i visuelle kunstfag. Vi ønskjer oss ein kollega som har undervisningskompetanse i design og visuelle kunstfag. Undervisninga vil vere i kulturskulen sine undervisningslokale.
Vikariatet er frå 01.08.2026 til 31.07.2027. Stillinga vil vera ein del av Austrheim kulturskule, med til saman 8 tilsette og ca. 120 elevplassar.
Stillinga skal bidra til å gje born og unge eit inkluderande, kreativt og fagleg godt undervisningstilbod innan visuelle kunstfag, samt bidra til utvikling av kulturskulen sitt fagmiljø og fagtilbod.
Vi ser etter deg som har...
Om du i tillegg er pålitleg, fleksibel og likar å spreie litt humor og glede på arbeidsplassen, er du akkurat den vi leiter etter!
Me bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling - både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.
Me skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.Hos oss jobbar me aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Me vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=cAPEqSQlYUg