Helsesekretær – 100 % vikariat

Austrheim kommune

Mastrevikane

On-site

NOK 420,000 - 540,000

Full time

14 days+
Application generator

An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.

Get past ATS filters

Job summary

Austrheim kommune i Vestland søkjer ein engasjert og serviceinnstilt helsesekretær for eit eittårsvikariat frå 4. januar 2027, med moglegheit for fast tilsetting.

Stillinga gir varierte kontorfaglege oppgåver, bruk av digitale løysingar og arbeid med å sikre gode og effektive arbeidsprosessar i kvardagen. På Austrheim legekontor arbeider to fastlegar, LIS1-legar og kommuneoverlege, og helsesekretærar er ein del av eit lite og oversiktleg team.

Qualifications

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • Gode IKT-kunnskapar og god systemforståing
  • Erfaring frå arbeid ved legekontor eller legevakt

Responsibilities

  • Varierte kontorfaglige oppgåver og bruk av digitale løysingar
  • Sikre gode og effektive arbeidsprosessar i kvardagen
  • Samarbeid med tverrfaglege team og pasientflyt

Skills

Norsk språk
IKT-kunnskap
Legekontor/legevakt erfaring

Job description

Vi søkjer ein engasjert og serviceinnstilt medarbeidar til eit eittårsvikariat som helsesekretær frå 4. januar 2027, med moglegheit for fast tilsetting. Har du annan relevant helsefagleg kompetanse, kan du òg vere aktuell for vikariatet.

Hos oss blir du ein viktig del av eit tverrfagleg arbeidsmiljø, der godt samarbeid og god pasientflyt står sentralt. Stillinga inneber varierte kontorfaglege oppgåver, bruk av digitale løysingar og arbeid med å sikre gode og effektive arbeidsprosessar i kvardagen.

Ved Austrheim legekontor arbeider det to fastlegar, to LIS1-legar og kommuneoverlege. I tillegg har kontoret tre stillingar for hjelpepersonell, fordelt på to sjukepleiarar og éin helsesekretær. Du blir dermed del av eit lite og oversiktleg arbeidsmiljø med tett samarbeid mellom ulike faggrupper.

Austrheim legekontor er ein aktiv og variert arbeidsplass med fastlegepraksis og daglegevakt. Legane ved kontoret har òg tilsynslegefunksjon ved sjukeheimen og legefunksjon ved helsestasjonen. Dette gir ein variert arbeidskvardag og eit breitt fagleg miljø.

  • Det vil vere rotasjon på ein del av oppgåvene
Kvalifikasjonar
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • Gode IKT-kunnskapar og god systemforståing
  • Erfaring frå arbeid ved legekontor eller legevakt

Vi ønskjer deg som er framoverlent og blir motivert av utviklingsarbeid. Du er serviceinnstilt og har gode samarbeidsevner. Du arbeider sjølvstendig, samtidig som du trivst godt med å jobbe i team. Du er effektiv, ansvarleg og løysingsorientert. I ein aktiv og variert arbeidskvardag er du fleksibel og evnar å prioritere og omstille deg når situasjonen krev det.

  • Du blir ein del av eit viktig samfunnsoppdrag, der du arbeider tett på pasientar, pårørande og kollegaer.
  • Du får ein utfordrande, variert og spennande arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø med erfarne medarbeidarar.
  • Moglegheit for kompetanseutvikling innan fagområdet
  • Moglegheit til å delta i utviklingsarbeid
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk

Vi bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling - både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim.

Austrheim kommune (ca. 3000 innb.) Tett på Bergen og industrieventyret på Mongstad, er utgangspunktet for utvikling av framtidskommunen til stades. Naturen og kulturen i det særprega kystsamfunnet er kanskje det viktigaste grunnlaget for gode liv i Austrheim - både om du flyttar hit for ein spennande jobb, eller om du ynskjer å vere med å skape livskvalitet for dei som allereie bur her.
Austrheim inviterer deg til opne landskap - med eit ope sinn!

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Helsesekretær – 100 % vikariat
Helsesekretær – 100 % vikariat

Grethe Korsøen • Mastrevikane

On-site
NOK 420,000 - 540,000
God pensjonsordning gjennom KLP
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov
Sjukepleiar i Heimetenesta
Sjukepleiar i Heimetenesta

Austrheim kommune • Mastrevikane

On-site
NOK 540,000 - 640,000
Gode pensjonsordningar (KLP)
Langvakter i helg
Austrheimmodellen
Sjukepleiar i Heimetenesta
Sjukepleiar i Heimetenesta

Hege Bergsvik Sætre • Mastrevikane

On-site
NOK 580,000 - 720,000
Gode pensjonsordning gjennom KLP
Austrheimmodellen
Langvakter i helg og arbeid kvar 4.hel
+1
Einingsleiar Helseeininga
Einingsleiar Helseeininga

Austrheim kommune • Mastrevikane

On-site
NOK 900,000 - 1,500,000
Pensjonsordning (KLP)
Austrheimmodellen
Helsesekretær – utviklingsorientert i tverrfaglig legekontor
Helsesekretær – utviklingsorientert i tverrfaglig legekontor

Austrheim kommune • Mastrevikane

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Møtesekretær – spesialkonsulent ved Innbyggjarservice
Møtesekretær – spesialkonsulent ved Innbyggjarservice

Kristin Nesbø • Mastrevikane

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Pensjonsordning i KLP
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
Ein arbeidskvardag med stor kontaktfl
+1
Vernepleiar i Arbeid og inkludering
Vernepleiar i Arbeid og inkludering

Hege Bergsvik Sætre • Mastrevikane

On-site
NOK 520,000 - 650,000
Løn etter tariffavtale
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Austrheimmodellen
+1
Helgevikarar og tilkallingsvikarar ved institusjonstenester og heimetenester
Helgevikarar og tilkallingsvikarar ved institusjonstenester og heimetenester

Marit Irene Aas Nesheim • Aurland

On-site
NOK 619,920 - 826,560
Trivelig arbeidsmiljø
Gode pensjonsordninger
Tariffbasert lønn
+2
Sjukepleiarar i 100% stilling ved legekontoret i Aukra
Sjukepleiarar i 100% stilling ved legekontoret i Aukra

Aukra kommune Helse • Falkhytta

On-site
NOK 520,000 - 640,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kommunale tilsettingsvilkår og lønn
Utdanningsstønad frå fond for vidareut
+1
Ferievikarar ved institusjonstenester og heimetenester
Ferievikarar ved institusjonstenester og heimetenester

Tunde Nesbø • Aurland

On-site
Confidential
Gode pensjons- og forsikringsordninger
Gratis inngang til treningsrom
Ekstra lønn for helgearbeid