Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Vinje kommune søker ein miljøterapeut/miljøarbeidar til helgestilling. Stillinga er 30% og deltids, fast tilsetjing med moglegheit for tilkallingsvikar. Arbeidet skjer ved Svingen og Reini bufellesskap i Vinje, med eit inkluderande fagmiljø og tett samarbeid med heimesjukepleie og spesialisthelsetenesta.
Du vil bidra i praktisk hjelp, miljøarbeid, aktivitetar og dokumentasjon, og vil få god opplæring. Søknadsfrist set til 31.12.2026, og avdelingsleiar vil vere hovudkontakt i avdelinga.
Vil du ha ein helgejobb som betyr noko, og der du kan gjera ein forskjell?
Svingen og Reine bufellesskap er moderne bufellesskap, med til saman 15 leiligheiter. Her møter du bebuarar i ulike aldrar med ulike funksjonsnedsetjingar. Felles for dei alle er at dei treng trygge, engasjerte og gode folk rundt seg. Som helgearbeidar bidreg du til gode og meiningsfulle dagar - gjennom praktisk hjelp, miljøarbeid, omsorg og aktivitetar som skapar trivsel og meistring. Du jobbar aldri åleine, men er del av eit fagleg og inkluderande team som samarbeider tett både internt og med fagmiljø i kommunen og spesialisthelsetenesta. No søkjer me deg som vil jobbe annan kvar eller kvar tredje helg. Me søkjer òg deg som ynskjer å vere tilkallingsvikar hos oss. Søknader blir vurderte fortløpande.
Søknadsfrist:
31.12.2026
Arbeidsgivar:
Vinje kommune
Stillingstittel:
Miljøterapeut/miljøarbeider -helgestilling fast
Stillingar:
1
Heiltid / Deltid:
Deltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
30
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Avdelingsleiar Svingen og Reini
Telefon: +47 97028218
E-post: hjordis.ringhus.saupstad@vinje.kommune.no
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!
Les meir om livet i Vinje her
Sjå Vinjefilmen her