A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Vinje kommune søkjer engasjerte og omsorgsfulle medarbeidarar til helgestillingar ved Vinje sjukeheim. Du får ein meiningsfull jobb der du gjer ein viktig forskjell i kvardagen til menneske som treng omsorg og tryggleik.
Stillingsprosenten er 15%, med arbeid kvar annan eller tredje helg, og nødvendige kurs i demensomsorg blir tilbod. Du vil samarbeide med dyktige kollegaer og få mogelegheit til læring og fagleg utvikling.
Vil du vere med og skape gode dagar for våre bebuarar?
Vinje sjukeheim søkjer engasjerte og omsorgsfulle medarbeidarar til helgestillingar. Hos oss får du ein meiningsfull jobb der du gjer ein viktig forskjell i kvardagen til menneske som treng omsorg, tryggleik og gode opplevingar. Du vil jobbe saman med dyktige kollegaer, og me legg til rette for læring, samarbeid og fagleg utvikling. Helgestillinga hjå oss passer godt for deg som er student, elev eller ynskjer verdifull erfaring innan helse- og omsorgstenesta.
Sjukeheimen består av ein langtidsavdeling med 34 bebuarar og ei korttidsavdeling med 9 rom. Langtidsavdelinga er dela inn i tre grupper, der to av gruppene er særleg tilpassa personar med demens.
Me har helgestillingar med ulik stillingsstorleik, med arbeid kvar annan eller tredje helg, med vakter fredag til sundag, eller laurdag til sundag.
Personleg eignahet vil bli vektlagt ved tilsetjing
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Hanne Kristin Finkenhagen,Avselingsleiar langtidsavdelinga,+47 99 25 16 24,hanne.kristin.finkenhagen@vinje.kommune.no
Vinjevegen 212
3890Vinje
Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 5099751727
Stillingsprosent: 15%
Fast
Startdato: 01.11.2026
Søknadsfrist: 18.10.2026