Avdelingsleiar - 100 % fast

Carsten Hald

Åmot

On-site

NOK 797,000 - 975,000

Full time

8 days ago
Application generator

Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Konkurransedyktige lønsvilkår
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Mentorordning
Tilpassa opplæring

Job summary

Vinje kommune i Åmot søkjer ein engasjert avdelingsleiar for å leie eit tverrfagleg team på ca. 40 medarbeidarar. Du skal utvikle tenester for brukarane og vere med på å byggje kultur, kvalitetsnivå og fagleg utvikling.

Du har leiarerfaring og utdanning på bachelor-nivå innan helse, sosial eller pedagogikk, med fokus på personal-, fag- og økonomiansvar. Løn etter avtale, mentorordning og gode pensjonsordningar blir tilbydd.

Qualifications

  • Relevant utdanning på minimum bachelornivå innan helse-, sosial- eller pedagogiske fag.
  • Leiarerfaring med personal-, fag- og økonomiansvar.
  • God forståing for turnus, bemanning og ressursstyring.
  • God økonomiforståing.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
  • Sertifikat klasse B.

Responsibilities

  • Leie, motivere og følgje opp medarbeidarar i det daglege.
  • Sikre god bemanning, drift og ressursbruk innan vedtekne rammer.
  • Ha ansvar for Helse, Miljø og Sikkerheit som m.a arbeidsmiljø og oppfølging av sjukefråvær.
  • Samarbeide med brukarar, pårørande og andre samarbeidspartar for å utvikle gode tenester.
  • Fylgje opp budsjett og økonomiske resultat.
  • Byggje ein kultur prega av tillit, samarbeid, læring og ansvar.

Skills

Leiarerfaring
Relasjonsleiing
Kommunikasjon

Education

Bachelorgrad innen helse/sosial/pedagogikk

Job description

Brenn du for menneske, fag og utvikling?

Ved avdeling for personar med funksjonsnedsetting arbeider me kvar dag for at menneske med ulike funksjonsnedsettingar og bistandsbehov skal kunne leve aktive, sjølvstendige og meiningsfulle liv. Avdelinga omfattar Svingen bufellesskap og avlastingstilbod for barn og unge på Reini, og tilbyr heildøgnstenester med fokus på meistring, deltaking, inkludering og sjølvråderett.

No søkjer me ein engasjert og relasjonell leiar som vil vere med og vidareutvikle tenestane våre. Me ser etter deg som kombinerer varme med tydeleg leiarskap, og som motiverast av å utvikle både menneske, fag og organisasjon. Du byggjer tillit, skapar engasjement og legg til rette for læring, samarbeid og utvikling i kvardagen.

Som avdelingsleiar får du ansvar for eit tverrfagleg fagmiljø, med om lag 40 medarbeidarar. Vernepleiarar, sjukepleiarar, pedagogar, helsefagarbeidarar og assistentar arbeider saman for å gi gode og heilskaplege tenester til brukarane våre. Me trur dei beste løysingane blir skapt gjennom samarbeid, ulike perspektiv og eit arbeidsmiljø prega av respekt, openheit og felles ansvar.

Hos oss er mentor for nytilsett helsepersonell innført som ei fast ordning. Gjennom programmet legg me til rette for ein trygg start, og fagleg utvikling og meistring i arbeidskvardagen. Som avdelingsleiar vil du vere med på å støtte opp om og vidareutvikle denne satsinga.

Avdelinga vår er ein del av verksemda Miljøterapi og helsetenester, og du vil inngå i verksemda sitt leiarteam. Du får god støtte frå verksemdsleiar, fagressursar og administrative støttefunksjonar, noko som gir rom til å prioritere leiing, medarbeidarutvikling og vidareutvikling av tenestene.
Kvifor velje denne stillinga?
Fordi du får høve til å vere tett på menneska, utvikle eit fagmiljø og påverke korleis tenestene skal sjå ut i framtida. Dette er ei rolle for deg som ynskjer meir enn å drifte. Du vil vere med å skape utvikling, byggje kultur og gjere ein forskjell for både bebuarar og medarbeidarar.

Arbeidsoppgåver
  • Leie, motivere og følgje opp medarbeidarar i det daglege
  • Sikre god bemanning, drift og ressursbruk innan vedtekne rammer
  • Ha ansvar for Helse, Miljø og Sikkerheit som m.a arbeidsmiljø og oppfølging av sjukefråvær
  • Samarbeide med brukarar, pårørande og andre samarbeidspartar for å utvikle gode tenester
  • Fylgje opp budsjett og økonomiske resultat
  • Byggje ein kultur prega av tillit, samarbeid, læring og ansvar
Kvalifikasjonar
  • Relevant utdanning på minimum bachelornivå innan helse-, sosial- eller pedagogiske fag
  • Erfaring frå helse- og omsorgstenester, gjerne frå tenester til personar med funksjonsnedsettingar
  • Leiarerfaring med personal,- fag og økonomiansvar
  • God forståing for turnus, bemanning og ressursstyring
  • God økonomiforståing
  • God munnleg og skriftelg framstillingsevne på norsk
  • Sertifikat klasse B

Det er ein fordel om du har

  • Leiarutdanning
  • Erfaring med endrings- og utviklingsarbeid
  • God digital kompetanse
Personlege eigenskapar

Me trur du vil lukkast hos oss dersom:

  • du er ein trygg og relasjonell leiar som får folk til å spele kvarandre gode
  • du byggjer tillit, skapar engasjement og legg til rette for samarbeid, læring og utvikling
  • du trivst med å vere tett på medarbeidarane og motiverer andre til å ta ansvar og bruke kompetansen sin
  • du er tydeleg når avgjerder må takast, og du evnar å kombinere dagleg drift med blikk for utvikling og nye moglegheiter
  • du ser løysingar, arbeider strukturert og ynskjer å skape tenester som blir endå betre i morgon enn dei er i dag
Me tilbyr
  • Ei spennande og meiningsfull leiarrolle der du får moglegheit til å gjere ein forskjell for brukarar, pårørande og medarbeidarar.
  • Høve til å påverke utviklinga av tenesta og vere med på å forme framtidas løysingar
  • Eit inkluderande leiarfellesskap med engasjertekollegaer og gode støttefunksjonar.
  • Tilpassa opplæring og mentorordning som gir deg ein trygg start.
  • Gode høve til fagleg og personleg utvikling.
  • Konkurransedyktige lønsvilkår . Årsløn på kr 886.000
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet, les meir på lanekassen.no.

Kontaktinformasjon

Carsten Hald,Verksemdsleiar,90937093,carsten.hald@vinje.kommune.no

Arbeidsstad

Åmotvegen 2
3890Vinje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 5176113294
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.10.2026

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Miljøterapeut/miljøarbeidar - helgestilling fast
Miljøterapeut/miljøarbeidar - helgestilling fast

Hjørdis Ringhus Saupstad • Åmot

On-site
NOK 180,000 - 240,000
God opplæring
Pensjonsordning
Lønn etter lokal stige
Avdelingsleiar - 100 % fast
Avdelingsleiar - 100 % fast

Tenester til personar med særlege behov, Vinje kommune • Åmot

On-site
NOK 875,000 - 970,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Konkurransedyktige lønsvilkår
Tilpassa opplæring og mentorordning
Miljøterapeut/miljøarbeidar - helgestilling fast
Miljøterapeut/miljøarbeidar - helgestilling fast

Svingen/Reini, Vinje kommune • Åmot

On-site
NOK 78,000 - 102,000
God opplæring og oppfølging
God forsikrings- og pensjonsordning
Lønn etter lokal stige og kvalifikasj.
Helsefagarbeidar - 15 % fast (helgestillinger)
Helsefagarbeidar - 15 % fast (helgestillinger)

Hanne Kristin Finkenhagen • Norway

On-site
NOK 60,000 - 85,000
God forsikrings- og pensjonsordning
ABC-kurs i demensomsorg og andre fagom
Fagleg oppdaterte og dyktige kollegaer
+2
Miljøterapeut/miljøarbeidar - helgestilling fast
Miljøterapeut/miljøarbeidar - helgestilling fast

Vinje Kommune • Vinje

On-site
NOK 110,000 - 130,000
God opplæring og oppfølging
God forsikrings- og pensjonsordning
Barnehageassistent 80 % vikariat
Barnehageassistent 80 % vikariat

Edland barnehage, Vinje kommune • Edland

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Løn etter lokal lønstabell
Forsikrings- og pensjonsordning
Aktivitetskortordning
Sykepleier 60% fast natt
Sykepleier 60% fast natt

Arbeidsplassen • Liknes

On-site
NOK 550,000 - 710,000
Avdelingsleder – Hvelven 85 Forsterket avdeling, tilrettelagte tjenester sør, vikariat
Avdelingsleder – Hvelven 85 Forsterket avdeling, tilrettelagte tjenester sør, vikariat

Arbeidsplassen • Hønefoss

On-site
NOK 700,000 - 900,000
Lederutvikling
Fleksibel arbeidstid
Pensjonsordninger i KLP
+2
Vikariat - Enhetsleder sykehjem
Vikariat - Enhetsleder sykehjem

Flekkefjord kommune, Enhet for sykehjem • Flekkefjord

On-site
NOK 850,000 - 1,000,000
Spennende lederstilling
Gode pensjons- og forsikringsordninger
Mulighet til fagutvikling
Vikariat i helse og omsorg - fleksibelt og meningsfullt
Vikariat i helse og omsorg - fleksibelt og meningsfullt

Anne Vestrheim • Norheimsund

On-site
Confidential
Gode kollegaer
Opplæring
Pensjons-/og forsikringsordninger