Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Vinje kommune søker helgearbeidar til Svingen og Reini i Åmot. Du bidreg med praktisk bistand, miljøarbeid og aktivitetar som skapar trivsel og meistring for bebuarar med ulike behov.
Du arbeider i eit fagleg team, får god opplæring og ei trygg rolle med fleksible vakter. Krav er utdanning som vernepleiar/sjukepleiar eller anna bachelor, samt førarkort Klasse B og gode norske ferdigheiter.
Vil du ha ein helgejobb som betyr noko, og der du kan gjera ein forskjell?
Svingen og Reine bufellesskap er moderne bufellesskap, med til saman 15 leiligheiter. Her møter du bebuarar i ulike aldrar med ulike funksjonsnedsetjingar. Felles for dei alle er at dei treng trygge, engasjerte og gode folk rundt seg.
Som helgearbeidar bidreg du til gode og meiningsfulle dagar – gjennom praktisk hjelp, miljøarbeid, omsorg og aktivitetar som skapar trivsel og meistring. Du jobbar aldri åleine,men er del av eit fagleg og inkluderande team som samarbeider tett både internt og med fagmiljø i kommunen og spesialisthelsetenesta.
No søkjer me deg som vil jobbe annan kvar eller kvar tredje helg. Me søkjer òg deg som ynskjer å vere tilkallingsvikar hos oss. Søknader blir vurderte fortløpande.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Hjørdis Ringhus Saupstad,Avdelingsleiar Svingen og Reini,+47 97028218,hjordis.ringhus.saupstad@vinje.kommune.no
Åmotvegen 2
3890Vinje