An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Vinje kommune sin Edland barnehage søkjer ein trygg kollega som vil bidra til leik, læring og gode opplevingar i barnehagen.
I Edland er naturen rett utanfor døra og barnehagen ligg i Vinje kommune. Stillingsprosenten er 80% med startdato 15.10.2026 og som vikar, med gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Edland barnehagen søkjer ein trygg kollega som vil bidra til leik, læring og gode opplevingar i barnehagen.
Me er den nordvestlegaste barnehagen i Vinje kommune, og er ein av fire kommunale barnehagar.
I Edland er naturen rett utenfor døra. Her gjev fjell, skog og vatn fine moglegheiter for leik, utforsking og gode naturopplevingar året rundt. Me ligg nær skule, svømmebasseng, bibliotek, sykkelpark, turstiar og ljosløype.
I barnehagen er me 14 tilsette. Det er ei god blanding av pedagogar, fagarbeidarar, assistentar og matansvarleg.
Alle har mykje og god kunnskap om barn og barns utvikling.
Vil du vera med å skape eit trygt, godt og inkluderande miljø for barn?
Har du evne til å skape gode relasjonar til barn, og eit ynskje om å vera med å forme kvardagen til barn?
Har du lyst til å vera med å utvikle og prege arbeidet i Edland barnehage? Då vil me gjerne ha deg med på laget!
Velkomen som søkjar!
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan navn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest, jf Barnehagelova §30. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månadar og skal ikkje leverast med søknaden.
Aktuelle kandidatar blir kontakta, og kalle inn til intervju.
Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 5186142243
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 15.10.2026
Sluttdato: 15.08.2027
Søknadsfrist: 12.10.2026
Sjukeheimen langtidsavdeling, Vinje kommune