Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Vinje kommune søkjer miljøterapeut/miljøarbeidar til helgestilling ved Svingen og Reini bufellesskap i Åmot. Arbeidet inneber praktisk bistand, miljøarbeid og aktivitetar som skapar meistring og trivsel for buverar med ulike behov. Du blir del av eit fagleg og inkluderande team og får god opplæring.
Tilsette må ha relevant utdanning som vernepleiar/sjukepleiar eller anna bachelor innan helsefag, og vere villig til å arbeide helg. Søknadsfrist: 31.12.2026.
Svingen/Reini, Vinje kommune
Åmotvegen 2, 3890 Vinje
Stillingstittel Miljøterapeut/miljøarbeider -helgestilling fast
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Vil du ha ein helgejobb som betyr noko, og der du kan gjera ein forskjell?
Svingen og Reine bufellesskap er moderne bufellesskap, med til saman 15 leiligheiter. Her møter du bebuarar i ulike aldrar med ulike funksjonsnedsetjingar. Felles for dei alle er at dei treng trygge, engasjerte og gode folk rundt seg.
Som helgearbeidar bidreg du til gode og meiningsfulle dagar – gjennom praktisk hjelp, miljøarbeid, omsorg og aktivitetar som skapar trivsel og meistring. Du jobbar aldri åleine,men er del av eit fagleg og inkluderande team som samarbeider tett både internt og med fagmiljø i kommunen og spesialisthelsetenesta.
No søkjer me deg som vil jobbe annan kvar eller kvar tredje helg. Me søkjer òg deg som ynskjer å vere tilkallingsvikar hos oss. Søknader blir vurderte fortløpande.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Hjørdis Ringhus Saupstad,Avdelingsleiar Svingen og Reini,+47 97028218, hjordis.ringhus.saupstad@vinje.kommune.no
Åmotvegen 2
3890Vinje
Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 5189149623
Stillingsprosent: 30%
Fast
Søknadsfrist: 31.12.2026
Sjukeheimen langtidsavdeling, Vinje kommune