Gullfjellbasen

Monica Førde Landro

Eidet

On-site

NOK 520,000 - 640,000

Full time

5 days ago
Be an early applicant
Application generator

Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Gode pensjons- og forsikringsordningar
Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
Interessante utfordringar
Fagleg og personleg utvikling

Job summary

Gullfjellbasen i Straume utlyser ei prosjektstilling som fokuserer på overgangsfasen frå barnevern til vaksenliv for unge vaksne. Du vil samarbeide tett med barnevernstenesta og andre samarbeidspartnarar for å etablere eit varig tenestetilbod.

Du har helsefagleg utdanning, gode norskkunnskapar og førarkort, og du vil bidra med individuell oppfølging, praktisk stønad og koordinering av avtalar og aktivitetar.

Qualifications

  • Helsefagleg utdanning på bacherlornivå (vernepleiar/sjukepleiar eller barnevern/sosialfag).
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg.
  • Førarkort klasse B.

Responsibilities

  • Gje tett og individuell oppfølging til ungdom med barnevernserfaring i overgangen til vaksenlivet.
  • Vere ein trygg vaksenperson som ungdommen kan søkje støtte og rettleiing hos.
  • Koordinere og følgje opp avtalar, aktivitetar og individuelle mål.
  • Bistå med praktiske oppgåver som transport, flytting, søknadsskriving og økonomisk rettleiing.
  • Gje støtte i kontakt med helse- og omsorgstenester.
  • Gje støtte i oppfølging av skule, arbeid eller andre aktivitetar.
  • Bidra og delta i aktivitetar som fremjar meistring og livskvalitet.
  • Gje støtte i kontakt med familie og nettverk.
  • Bidra aktivt i utviklinga av eit nytt tenestetilbod.
  • Samarbeide tett med barnevernstenesta og andre samarbeidspartnarar som mellom anna NAV, psykisk helse- og rustenester, skule, arbeidsgivarar, fastlege og DPS.

Skills

Gode norskkunnskapar
Kommunikasjons- og samarbeidsevner
Relasjonsbygging
Løysingsorientert
Initiativ
Systematisk
Omsorgsfull rollemodell

Education

Helsefagleg utdanning
Førarkort klasse B

Job description

Om Gullfjellbasen

Gullfjellbasen er ei avlastningsteneste for barn og unge, som er lokalisert Straume. Avdelinga leverer avlastning som pårørandestøtte til foreldre som har særlig krevjande omsorgoppgåver, og som har vedtak om etter helse- og omsorgstenestelova § 3-6 nr. 2.Her møter du ei stabil og fagleg sterk personalgruppe som arbeider målretta for å skape tryggleik, meistring og gode utviklingsmoglegheiter for ungdomane.

Om prosjektstillinga

Prosjektstillinga er knytt till utprøving av målsetjingar i Brobyggarprosjektet, eit tverrfagleg samarbeid i regi av Samskaping i Vest. Målet er å skape tryggare og meir heilskaplege overgangar frå oppfølging i barnevernet til eit sjølvstendig vaksenliv.

Vi startar no opp med ei prosjektstilling med mål om å utvikle og etablere eit varig tenestetilbod.

Vi ser etter deg som har eit stort engasjement for unge vaksne som opplever utfordringar på fleire område i livet. Du er relasjonelt trygg, tolmodig og løysingsorientert, og du ønskjer å finne nye måtar å møte behova til ungdomane på.Du vil samarbeide tett med barnevernstenesta, samtidig som du blir ein del av det faglege fellesskapet ved Gullfjellbasen.

Stillinga er ledig frå 01.10.2026 og har varigheit på 1 år

Arbeidsoppgåver:
  • Gje tett og individuell oppfølging til ungdom med barnevernserfaring i overgangen til vaksenlivet
  • Vere ein trygg vaksenperson som ungdomen kan søkje støtte og rettleiing hos
  • Koordinere og følgje opp avtalar, aktivitetar og individuelle mål
  • Bistå med praktiske oppgåver som transport, flytting, søknadsskriving og økonomisk rettleiing
  • Gje støtte i kontakt med helse- og omsorgstenester
  • Gje støtte og hjelp i oppfølging av skule, arbeid eller andre aktivitetar
  • Bidra og delta i aktivitetar som fremjar meistring, deltaking og livskvalitet
  • Gje støtte i kontakt med familie og nettverk
  • Bidra aktivt i utviklinga av eit nytt tenestetilbod
  • Samarbeide tett med barnevernstenesta og andre aktuelle samarbeidspartnarar som mellom anna NAV, psykisk helse- og rustenester, skule, arbeidsgivarar, fastlege og DPS
Kvalifikasjonar:
Må ha:
  • Helsefagleg utdanning på bacherlornivå, fortrinnsvis vernepleiar- eller sjukepleiarutdanning, eller utdanning innan barnevern eller sosialfag
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B
Ønskjeleg med:
  • Vidareutdanning innan barnevern, familieterapi og/eller psykisk helse
  • Erfaring med miljøterapeutisk arbeid med barn og unge
  • Rettleiingskompetanse og/eller erfaring med traumebevisst omsorg
  • Erfaring frå arbeid med ungdom
  • Erfaring med tverrfagleg samarbeid
Personlege eigenskapar:
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Møter menneske med respekt, openheit og audmjukskap
  • Er løysingsorientert, initiativrik og fleksibel
  • Arbeider målretta og systematisk
  • Har interesse for fagleg utvikling og etiske refleksjonar
  • Er ein trygg, stabil og omsorgsfull rollemodell
  • Har evne til å byggje gode relasjonar over tid
Kvifor velje oss?

Hjå oss får du moglegheita til å vere med på å forme eit nytt og viktig tenestetilbod for unge vaksne. Du blir del av eit inkluderande fagmiljø med høg kompetanse, tett samarbeid og eit sterkt engasjement for ungdomane vi arbeider for.

Vi tilbyr:

  • Godepensjons- og forsikringsordningar
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
Anna:

Dei formelle krava til utdanning og erfaring må dokumenterast med vitnemål og attestar. Dokumentasjonen skal lastast opp i søkjarportalen innan søknadsfrist.

Kontakt:

Dersom du har spørsmål til stillinga kan du ta kontakt medMonica Førde Landro, tlf 958 08536 eller Terje Aaberg, tlf 976 12 095

Øygarden kommuneønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


Get your free, confidential resume review.
or drag and drop your file here.
Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Gullfjellbasen
Gullfjellbasen

Arbeidsplassen • Eidet

On-site
NOK 320,000 - 420,000
Terna avlastning
Terna avlastning

Monica Førde Landro • Rong

On-site
NOK 120,000 - 180,000
Terna avlasting
Terna avlasting

Helene Herdlevær Jentoft • Rong

On-site
NOK 280,000 - 360,000
Terna avlastning
Terna avlastning

Helene Herdlevær Jentoft • Rong

On-site
NOK 320,000 - 420,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
IA-bedrift
Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
Helsefagarbeidar 100% fast
Helsefagarbeidar 100% fast

Øygarden kommune • Ågotnes

On-site
NOK 480,000 - 560,000
Pensjonsordningar
Forsikringsordningar
Godt arbeidsmiljø
+2
Miljøarbeidar – ringevikar ved Terna avlasting
Miljøarbeidar – ringevikar ved Terna avlasting

Øygarden kommune • Rong

On-site
NOK 248,000 - 331,000
Pensjonsordninger
Forsikringer
Psykriatribustader
Psykriatribustader

Therese Helgesen • Rong

Hybrid
NOK 520,000 - 640,000
Pensjon
Arbeidsmiljø
Kollegaer
+2
Helsefagarbeidar 18 -20 % fast stilling , helg
Helsefagarbeidar 18 -20 % fast stilling , helg

Øygarden kommune • Ågotnes

On-site
NOK 10,000 - 50,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
Høve til fagleg og personleg utvikling
Helsefagarbeider/barne- og ungdomsarbeider - 82 % vikariat, Myrvangveien boliger
Helsefagarbeider/barne- og ungdomsarbeider - 82 % vikariat, Myrvangveien boliger

Ingvild Torp Nilsen • Aurskog-Høland

On-site
NOK 320,000 - 400,000
Gode forsikrings- og pensjonsordninger
Godt arbeidsmiljø og hyggelige kollega
Vil du jobbe ein stad der kompetansen din utgjer ein forskjell ? Tilrettelagte tenester f.t Bjørnefjorden bufellesskap har ledig 100% fast stilling
Vil du jobbe ein stad der kompetansen din utgjer ein forskjell ? Tilrettelagte tenester f.t Bjørnefjorden bufellesskap har ledig 100% fast stilling

Anne Turi Kvittingen • Norway

On-site
NOK 480,000 - 560,000
Gunstig pensjonsordning
Yrkesskade- og gruppelivsforsikring