Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Gullfjellbasen i Straume søkjer ein prosjektmedarbeidar for å utvikle og etablere eit varig tenestetilbod som støttar unge vaksne i overgangen frå barnevernet til eit sjølvstendig liv. Stillinga er 1 år med start 01.10.2026, og du vil samarbeide tett med barnevernstenesta og det faglege fellesskapet ved Gullfjellbasen.
Du må ha helsefagleg utdanning (vernepleiar/sjukepleiar) eller liknande, og vere trygg, tolmodig og løysingsorientert.
Gullfjellbasen er ei avlastningsteneste for barn og unge, som er lokalisert Straume. Avdelinga leverer avlastning som pårørandestøtte til foreldre som har særlig krevjande omsorgoppgåver, og som har vedtak om etter helse- og omsorgstenestelova § 3-6 nr. 2.Her møter du ei stabil og fagleg sterk personalgruppe som arbeider målretta for å skape tryggleik, meistring og gode utviklingsmoglegheiter for ungdomane.
Prosjektstillinga er knytt til utprøving av målsetjingar i Brobyggarprosjektet, eit tverrfagleg samarbeid i regi av Samskaping i Vest. Målet er å skape tryggare og meir heilskaplege overgangar frå oppfølging i barnevernet til eit sjølvstendig vaksenliv.
Vi startar no opp med ei prosjektstilling med mål om å utvikle og etablere eit varig tenestetilbod.
Vi ser etter deg som har eit stort engasjement for unge vaksne som opplever utfordringar på fleire område i livet. Du er relasjonelt trygg, tolmodig og løysingsorientert, og du ønskjer å finne nye måtar å møte behova til ungdomane på.Du vil samarbeide tett med barnevernstenesta, samtidig som du blir ein del av det faglege fellesskapet ved Gullfjellbasen.
Stillinga er ledig frå 01.10.2026 og har varigheit på 1 år