Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Austrheim kommune søker einingsleiar for helsetenesta. Stillinga har eit heilskapleg ansvar for fag, personell, økonomi, drift og utvikling i helseeininga. Du skal sikre fagleg forsvarlege tenester og pasienttryggleik innanfor vedtekne rammer, og leie utviklingsarbeid i kommunen.
Du samarbeider tett med leiarteamet og andre instansar som NAV og spesialisthelsetenesta, og bidrar til tverrfagleg arbeid, individuell plan og koordinerte tenester for langvarige behov.
Austrheim kommune søkjer ein engasjert, trygg og utviklingsorientert einingsleiar for helsetenesta.
Vi ser etter deg som har relevant helse- og sosialfagleg bakgrunn, god forståing for kommunale helse- og omsorgstenester og som ønskjer å vere med på å utvikle framtidas helsetenester i Austrheim kommune.
Som einingsleiar får du eit heilskapleg ansvar for fag, personell, økonomi, drift og utvikling i helseeininga. Du skal sikre fagleg forsvarlege tenester med god kvalitet og pasienttryggleik, samtidig som tenestene blir drivne og utvikla innanfor vedtekne økonomiske rammer.
Tenester i helseeininga:
Kommunale helse- og omsorgstenester er i kontinuerleg utvikling. Endringer i demografi, tenestebehov, tilgang på personell og økonomiske rammer krev at vi utviklar organisering, kompetanse og arbeidsmåtar. Som einingsleiar får du ei sentral rolle i utviklings- og forbetringsarbeidet, og eit medansvar for å sikre heilskaplege og samordna tenester i kommunen.
Ansvaret for koordinerande eining er lagt til denne stillinga. Du skal bidra til at innbyggjarar med behov for langvarige og koordinerte tenester får heilskaplege og samordna tilbod på tvers av fag og tenesteområde.
Som einingsleiar er du ein del av leiarteamet til kommunalsjef for helse og velferd. Du skal samarbeide tett med andre leiarar, medarbeidarar, tillitsvalde og vernetenesta, i tillegg til andre samarbeidspartar internt og eksternt.
Som einingsleiar skal du:
Kvalifikasjonskrav
Vi søkjer deg som har:
Det er ein fordel om du har:
Vi ser etter ein leiar som:
Personleg eigenskap vil bli tillagt stor vekt.
Vi bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling - både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=cAPEqSQlYUg