Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Eli Nesvåg i Norge søker sjukepleiar til 100% vikariat fordelt mellom Årdal omsorgssenter og Hjelmeland legekontor, med tiltreding frå 01.01.2027 til 31.12.2027. Stillinga omfattar 60% helgturnus ved omsorgssenteret og 40% dagtid ved legekontoret, der medisinske og administrative oppgåver inngår.
Den tilsette bør vere sjølvstendig, ha god kjennskap til datasystem og dokumentasjonsverktøy, vere motivert og løysingsorientert, og ha krav om norsk autorisasjon.
Me har ledig 100% vikariat som sjukepleiar. 60 % tredelt turnus med helg ved Årdal omsorgssenter og 40 % på dagtid ved Hjelmeland legekontor, med tiltreding frå 01.01.2027 til og med 31.12.2027.
Årdalomsorgssenter er eit av to omsorgssentre i Hjelmeland kommune. Omsorgssenteret er inndelt i to avdelingar. Ein demens avdeling med 8 langtidsplassarog ein somatisk avdeling med 13 langtidsplassar.Som sjukepleiar her jobber ein turnus med helgearbeid.
Hjelmeland legekontor ligg i helsehuset på Hjelmeland.
På legekontoret jobbar legar og sjukepleierar.
På helsehuset er det i tillegg til legekontor: helsestasjon, fysioterapi, mestringseininga, tilrettelagde tenester, barnevern, NAV og tannlegekontor.
Sjukepleiar med 10 år eller mindre ansiennitet får ein garantiløn tilsvarande 10 års ansiennitet.
I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel.
Hjelmeland kommune har ei rekke lokalt forhandla ordningar for sine tilsette.
Sjå kommunens heimeside for meir informasjon.
Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.