Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Elin Kvame Jansen i Hjelmeland kommune leiter etter reinhaldar som kan bidra til reine og trygge arbeids- og opphaldsmiljø. Søkeren bør være nøye, engasjert og pliktoppfyllande.
Full stilling ut perioden 01.01.2027 – 31.10.2027, med generelt reinhald av kommunale bygg. Krav er ikkje fagbrev, men fagbrev er ønskjeleg; førarkort klasse B er også ønskjeleg. Søkjar må kunne arbeide både sjølvstendig og i team.
Likar du å jobbe med reinhald og bidra til reine og trivelege omgjevnader?Er du nøye og opptatt av å gjere ein god jobb? Då kan det vere deg me ser etter!
Me har eit 100 % som reinhaldar i perioden 01.01.2027 - 31.10.2027. Mesøkjer deg som er dyktig, engasjert og pliktoppfyllande, og som ønskjer å bidra til reine og gode arbeids- og opphaldsmiljø.
Personleg eigenskap og erfaring vil bli vektlagt ved tilsetting.
I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel.
Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage, brann og redning.
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at dulegg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 00 00.