Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Hjelmeland kommune – Årdal omsorgssenter søker sjukepleiar til eit 100% vikariat i perioden 01.01.2027–31.12.2027. Turnusen er 60% helg ved Årdal omsorgssenter og 40% dagtid ved Hjelmeland legekontor.
Omsorgssenteret består av ei demensavdeling og ein somatisk avdeling, med fokus på å levere gode pleie- og helsetenester. Du blir del av eit team som arbeider med dokumentasjon, legemiddelhandtering og nytte av velferdsteknologi for å ivareta brukarane sine behov.
Stillingstittel Kombistilling sjukepleiar 100 % vikariat 2027
Me har ledig 100% vikariat som sjukepleiar. 60 % tredelt turnus med helg ved Årdal omsorgssenter og 40 % på dagtid ved Hjelmeland legekontor, med tiltreding frå 01.01.2027 til og med 31.12.2027.
Årdalomsorgssenter er eit av to omsorgssentre i Hjelmeland kommune. Omsorgssenteret er inndelt i to avdelingar. Ein demens avdeling med 8 langtidsplassarog ein somatisk avdeling med 13 langtidsplassar.Som sjukepleiar her jobber ein turnus med helgearbeid.
Hjelmeland legekontor ligg i helsehuset på Hjelmeland.
På legekontoret jobbar legar og sjukepleierar. På helsehuset er det i tillegg til legekontor: helsestasjon, fysioterapi, mestringseininga, tilrettelagde tenester, barnevern, NAV og tannlegekontor.
Sjukepleiar med 10 år eller mindre ansiennitet får ein garantiløn tilsvarande 10 års ansiennitet.
I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel.
Hjelmeland kommune har ei rekke lokalt forhandla ordninger for sine tilsette.
Sjå kommunens heimeside for meir informasjon.
Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her .
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at dulegg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.
Tenk deg ein kommune der du har fjord og båtliv utenfor døra og høgfjell og turområde berre nokre minutt unna, men samtidig når du storbyen på under timen. Tenk deg ein kommune som er ganske liten med 2600 innbyggarar, men samtidig romsleg og stor med 1092 kvadratkilometer. Tenk deg ein kommune som er så glad i barnefamiliar at me like godt tilbyr dei gratis barnehageplassar. Den kommunen er Hjelmeland naturlegvis.Tilgjengeleghetserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6c10f954-3e96-459c-a209-76e82af80b34