A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Hjelmeland skule i Rogaland søkjer etter ein 100% lærar i eit vikariat fram til og med 31.07.2027. Du får vere med å flytte inn i eit nybygg og innverka på elevane si læring i eit godt fagmiljø.
Vi søkjer ein tydeleg klasseleiar med pedagogisk engasjement, norskkompetanse og evne til å samarbeide tett med elevar, foreldre og kollegaer. Løysingsorientert og utviklingsorientert tilnærming vert prioritert.
Hjelmeland skule har eit ledig vikariat i 100 % som lærar, fram til og med 31.07.2027.
Visjonen vår er \"Me gjer kvarandre gode\".
Hjelmeland skule er ein skule med 180 kjekke elever og positive og fagleg dyktige tilsette. Me er sentralt plassert på Hjelmeland, og har gode uteområde til å driva praktisk undervisning.
Du får være med å flytte inn, og starte opp, i nytt flott skulebygg.
I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel.
Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage, brann og redning.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 00 00.