A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Ingunn-Olin Haugen ved Voss legekontor leitar etter ein fagperson til eit 60% sjukepleiarvikariat frå 4/1-2027 til og med 10/3 2028. Arbeidet inneheld ekspedisjon og triagering av legetimar, blodprøvetaking, injeksjonar og infusjonar, sårskift og tilsyn med EKG og diagnostiske prosedyre.
Du bør ha norsk autorisasjon som sjukepleiar og gjerne erfaring frå legekontor og Webmed journalsystem. Ein imøtekomande, serviceinnstilt lagspelar som kan koordinera og planleggja vert felt som viktigast.
Har du lyst til å arbeide saman med oss ved Voss legekontor?
Voss legekontor er det kommunale legekontoret i Voss herad. Me held til ved Knutepunktet vis a vis helsestasjonen i 3. etg.Pr i dag har me 7 legeheimlar, ein Lis1 lege samt 5 sjukepleiarar, 1 medisinsk sekretær og ein merkantil sekretær.
Me har ledig 60 % sjukepleiarvikariat frå 4/1-2027 til og med 10/3 2028. Ynskjer du høgare stilling får du moglegheit til å arbeide ved ein av våre flotte institusjonar.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Godkjent politiattest må framleggas før tiltreding i stillinga.
Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.