Vikariat helsesjukepleiar

Voss herad

Vossavangen

On-site

NOK 650,000 - 750,000

Full time

5 days ago
Be an early applicant

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Rekrutteringstillegg

Job summary

Voss herad utlyser eit 100% vikariat som helsesjukepleiar ved helsestasjon og skulehelseteneste i Knutepunktet i Voss sentrum. Arbeidet omfatter helsestasjon for 0-5 år, skulehelseteneste for 6-19 år og Helsestasjon for ungdom. Stillinga krev engasjement for førebyggjande arbeid og godt samarbeid i eit BTI-rammeverk.

Tilsette får gode pensjonsordningar og relevante faglege utviklingsmoglegheiter. Rekrutteringstillegg på 25 000 kr innan master eller utan master vil også vere aktuelt ved

Qualifications

  • Helsesjukepleiarutdanning er krav
  • Erfaring frå helsestasjon/skulehelsetenesta er ynskjeleg
  • Førarkort klasse B

Responsibilities

  • Helsestasjon for 0-5 år
  • Skulehelseteneste for 6-19 år
  • Helsestasjon for ungdom 13-23 år
  • Migrasjonshelse
  • Førebyggjande arbeid i tråd med nasjonale retningslinjer
  • Tverrfagleg samarbeid internt og med andre tenester

Skills

Helsesjukepleiar
Praksis i helsestasjon
Førarkort B
Gode norskkunnskap

Education

Helsesjukepleiarutdanning

Job description

Voss helsestasjon- og skulehelseteneste har ledig 100% vikariat helsesjukepleiarstilling fra 01.01.27 - 01.01.28 - dato for oppstart kan avtalast nærare ved tilsetting. Ta gjerne kontakt for meir informasjon.

Om Arbeidsstaden

Helsestasjon og skulehelsetenesta er organisert under kommunalavdeling Oppvekst i Barne- og familietenesta, saman med PPT, Barneverntenesta, Kommunepsykologane, Integreringstenesta og Barne og familietenesta. Tenestene er samlokaliserte i Knutepunktet, sentralt i Voss sentrum. Andre aktuelle samarbeidspartar i bygget er BUP, Kommunelegekontor, Psykisk helse & rus og NAV.

I tenesta vår jobbar merkantil, fysioterapeut, jordmødre, helsesjukepleiarar og legar. I lokala våre på Knutepunktet har me helsetenester til gravide, flyktningar og asylsøkjarar, helsestasjon 0-5 år, skulestartundersøkingar og helsestasjon for ungdom. I tillegg har me skulehelseteneste tilstades ute til barne-og ungdomsskulane, og til dei to fylkeskommunale vidaregåande skulane på Voss.

Me søkjer deg som har eit sterkt engasjement for førebyggjande og helsefremjande arbeid, og som ønskjer å bidra til at barn og unge får gode oppvekstvilkår.

Voss herad er ein BTI-kommune (Betre tverrfagleg innsats). Som tilsett hjå oss, arbeider du i tråd med BTI-modellen og bidreg aktivt til godt tverrfagleg samarbeid til beste for barn, unge og familiane deira.

Me Tilbyr
  • Eit spanande og meiningsfylt arbeid, med variasjon i arbeidsoppgåver
  • Fagleg utvikling og rettleiing
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt arbeidsmiljø
  • Yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Gode pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
  • Helsesjukepleiarar med master i helsesjukepleie vil verte løna for masteren
  • Rekrutteringstillegg på 25 000 kr for helsesjukepleiarar som ikkje har master
Kvalifikasjonar
  • Helsesjukepleiar med godkjend helsesjukepleiarutdanning
  • Erfaring frå praksis i helsestasjon og skulehelseteneste er ynskjeleg
  • Førarkort for bil, klasse B.
  • Gode norskkunnskap skriftleg og munnleg
Arbeidsoppgåver Kan Vera
  • Helsestasjon (0-5år)
  • Skulehelseteneste (6-19 år)
  • Helsestasjon for Ungdom (13-23 år)
  • Migrasjonshelse
  • Helsefremjande og førebyggjande arbeidsoppgåver i tråd med nasjonale retningslinjer for helsestasjon og skulehelsetenesta
  • Tverrfagleg samarbeid internt og med andre tenester er ein viktig del av arbeidet.
  • Utvikling av tenesta etter nasjonale faglege retningsliner for helsestasjon og skulehelseteneste.
Personlege Eigenskapar
  • Du er fagleg engasjert og trives med å arbeida med born, unge og deira føresette
  • Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig vil bli vektlagt

Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova

  • 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Ledig vikariat som helsesjukepleiar
Ledig vikariat som helsesjukepleiar

Nina Helgaset • Voss

On-site
NOK 520,000 - 700,000
Rekrutteringstillegg 25 000 kr
Yrkesforsikring
Pensjonsordninger
Ledig vikariat som helsesjukepleiar
Ledig vikariat som helsesjukepleiar

Voss herad Helsestasjon og skulehelsetenesta • Voss

On-site
NOK 640,000 - 760,000
Pensjonsordningar
Lønn etter kommunalt avtaleverk
Yrkesskade- og gruppelivsforsikring
+1
Vikariat sjukepleiar med langvakter
Vikariat sjukepleiar med langvakter

Iren Stalheim • Voss

On-site
NOK 540,000 - 660,000
Fast rekrutteringstillegg
Årsturnus
Pensjonsordningar
+3
Helsefagarbeidar natt vikariat
Helsefagarbeidar natt vikariat

Voss herad • Vossavangen

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Faglig utvikling
Tverrfaglig miljø
Yrkes- og gruppelivsforsikring
+3
Helsefagarbeidar natt
Helsefagarbeidar natt

Iren Stalheim • Voss

On-site
NOK 480,000 - 600,000
Gode vilkår for faglig utvikling
Tverrfaglig arbeidsmiljø
Yrkesskade- og gruppelivsforsikring
+2
Sjukepleiar
Sjukepleiar

Voss • Vinje

Hybrid
NOK 520,000 - 640,000
Rekrutteringstillegg på kr 30.000 forj
Spesialist i allmennmedisin 100 %
Spesialist i allmennmedisin 100 %

Ingunn-Olin Haugen • Voss

On-site
NOK 1,000,000 - 1,300,000
Forsikringsordning
Pensjonsordning
Helsesjukepleiar ved Aurland helsestasjon
Helsesjukepleiar ved Aurland helsestasjon

May Sigrun Winjum • Onstad

On-site
NOK 520,000 - 760,000
Pensjons- og forsikringsordningar
Gratis treningsrom og svømmehall i AUR
Barnehageplass
+1
Vi har ledig
Vi har ledig

Ann-Kjærsti Svalheim • Ringsaker

On-site
NOK 1,100,000 - 1,700,000
Pensjonsordning
Vi har ledig
Vi har ledig

Ringsaker kommune Helsestasjoner • Øverkvern

On-site
NOK 900,000 - 1,100,000
Fast lønn – avtale
Arbeidstid dagtid
Gode pensjonsordninger
Top locations