Ledig vikariat som helsesjukepleiar

Nina Helgaset

Voss

On-site

NOK 520,000 - 700,000

Full time

4 days ago
Be an early applicant

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Rekrutteringstillegg 25 000 kr
Yrkesforsikring
Pensjonsordninger

Job summary

Nina Helgaset i Voss leitar etter ein engasjert helsesjukepleiar til eit 100% vikariat frå 01.01.27 til 01.01.28. Arbeidsstaden ligg i Knutepunktet, sentralt i Voss, med tilbod til gravide, 0-5 år, skulehelseteneste og ungdom. Ta gjerne kontakt for meir informasjon.

Vi søkjer deg som utanom fagleg- og sosialt engasjement har godkjend utdanning og førarkort klasse B. Relevante erfaringar frå helsestasjon og skulehelseteneste er ynskjeleg, og vi fokuserer på tverrfagleg samarbeid og god norsk

Qualifications

  • Helsesjukepleiar med godkjend helsesjukepleiarutdanning.
  • Erfaring frå praksis i helsestasjon og skulehelsetenesta er ynskjeleg.
  • Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg.

Responsibilities

  • Helsestasjon 0-5 år.
  • Skulehelseteneste 6-19 år.
  • Helsestasjon for Ungdom 13-23 år.
  • Migrasjonshelse.
  • Helsefremjande og førebyggjande arbeid i tråd med nasjonale retningslinjer.
  • Tverrfagleg samarbeid internt og med andre tenester.
  • Utvikling av tenesta etter nasjonale faglege retningsliner.

Skills

Norsk - skriftleg og munnleg
Førarkort bil B
Praksis i helsesjukepleie ønska

Education

Helsesjukepleiarutdanning godkjend

Job description

Voss helsestasjon- og skulehelseteneste har ledig 100% vikariathelsesjukepleiarstilling fra 01.01.27 - 01.01.28 - dato for oppstart kan avtalast nærare ved tilsetting.Ta gjerne kontakt for meir informasjon.

Om arbeidsstaden:

Helsestasjon og skulehelsetenesta er organisert under kommunalavdeling Oppvekst i Barne- og familietenesta, saman med PPT, Barneverntenesta, Kommunepsykologane, Integreringstenesta og Barne og familietenesta. Tenestene er samlokaliserte i Knutepunktet, sentralt i Voss sentrum. Andre aktuelle samarbeidspartar i bygget er BUP, Kommunelegekontor, Psykisk helse & rus og NAV.

I tenesta vår jobbar merkantil, fysioterapeut, jordmødre, helsesjukepleiarar og legar. I lokala våre på Knutepunktet har me helsetenester til gravide, flyktningar og asylsøkjarar, helsestasjon 0-5 år, skulestartundersøkingar og helsestasjon for ungdom. I tillegg har me skulehelseteneste tilstades ute til barne-og ungdomsskulane, og til dei to fylkeskommunale videregåande skulane på Voss.

Me søkjer deg som har eit sterkt engasjement for førebyggjande og helsefremjande arbeid, og som ønskjer å bidra til at barn og unge får gode oppvekstvilkår.

Voss herad er ein BTI-kommune (Betre tverrfagleg innsats). Som tilsett hjå oss, arbeider du i tråd med BTI-modellen og bidreg aktivt til godt tverrfagleg samarbeid til beste for barn, unge og familiane deira.

Me tilbyr:
  • Eit spanande og meiningsfylt arbeid, med variasjon i arbeidsoppgåver
  • Fagleg utvikling og rettleiing
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt arbeidsmiljø
  • Yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Gode pensjonsordninger
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
  • Helsesjukepleiarar med master i helsesjukepleie vil verte løna for masteren
  • Rekrutteringstillegg på 25 000 kr for helsesjukepleiarar som ikkje har master
Kvalifikasjonar:
  • Helsesjukepleiar med godkjend helsesjukepleiarutdanning
  • Erfaring frå praksis i helsestasjon og skulehelseteneste er ynskjeleg
  • Førarkort for bil, klasse B.
  • Gode norskkunnskap skriftleg og munnleg
Arbeidsoppgåver kan vera:
  • Helsestasjon (0-5år)
  • Skulehelseteneste (6-19 år)
  • Helsestasjon for Ungdom (13-23 år)
  • Migrasjonshelse
  • Helsefremjande og førebyggjande arbeidsoppgåver i tråd med nasjonale retningslinjer for helsestasjon og skulehelsetenesta
  • Tverrfagleg samarbeid internt og med andre tenester er ein viktig del av arbeidet.
  • Utvikling av tenesta etter nasjonale faglege retningsliner for helsestasjon og skulehelseteneste.
Personlege eigenskapar:
  • Du er fagleg engasjert og trives med å arbeida med born, unge og deira føresette
  • Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig vil bli vektlagt

Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar.I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.


Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Ledig vikariat som helsesjukepleiar
Ledig vikariat som helsesjukepleiar

Voss herad Helsestasjon og skulehelsetenesta • Voss

On-site
NOK 640,000 - 760,000
Pensjonsordningar
Lønn etter kommunalt avtaleverk
Yrkesskade- og gruppelivsforsikring
+1
Vikariat sjukepleiar med langvakter
Vikariat sjukepleiar med langvakter

Iren Stalheim • Voss

On-site
NOK 540,000 - 660,000
Fast rekrutteringstillegg
Årsturnus
Pensjonsordningar
+3
Sjukepleiar
Sjukepleiar

Voss • Vinje

Hybrid
NOK 520,000 - 640,000
Rekrutteringstillegg på kr 30.000 forj
Spesialist i allmennmedisin 100 %
Spesialist i allmennmedisin 100 %

Ingunn-Olin Haugen • Voss

On-site
NOK 1,000,000 - 1,300,000
Forsikringsordning
Pensjonsordning
Vi har ledig
Vi har ledig

Ann-Kjærsti Svalheim • Ringsaker

On-site
NOK 1,100,000 - 1,700,000
Pensjonsordning
Helsesjukepleiar – Barn, skule og ungdom, fleksible timar
Helsesjukepleiar – Barn, skule og ungdom, fleksible timar

Laila Grønn-Jensen • Samnanger

On-site
NOK 500,000 - 650,000
Gunstige pensjonsordninger
Fleksible arbeidstidsordninger
Gode velferdsordninger
Vi har ledig
Vi har ledig

Ringsaker kommune Helsestasjoner • Øverkvern

On-site
NOK 900,000 - 1,100,000
Fast lønn – avtale
Arbeidstid dagtid
Gode pensjonsordninger
Helsesjukepleiar
Helsesjukepleiar

Laila Grønn-Jensen • Samnanger

On-site
NOK 500,000 - 650,000
Gunstige pensjonsordninger
Fleksible arbeidstidsordninger
Gode velferdsordninger
Miljørettleiar og/eller fagarbeidar
Miljørettleiar og/eller fagarbeidar

Kåre Grevle • Vossavangen

On-site
NOK 520,000 - 660,000
Gode vilkår for fagleg utvikling
Ein god arbeidsplass med dyktige kolle
Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
+2
Fast stilling som helsesykepleier ved Barne- og familiesenteret
Fast stilling som helsesykepleier ved Barne- og familiesenteret

Holmestrand Kommune • Holmestrand

On-site
NOK 580,000 - 625,000
Program for nyansatte og grundig oppl
Pensjonsordning og gode personalforsik
Top locations