Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Voss herad søker sjukepleiar i eit 100% svangerskapsvikariat med langvakter, inkludert helg, med oppstart 01.02.26 eller etter avtale og fram til september 2027 med moglegheit for forlengelse.
Avdelinga Vossestrand Omsorgstun ligg vakkert til ved Oppheimsvatnet, og me har plassar for bebuarar og heimetenester i eit stort geografisk område. Me søkjer deg som er god på samarbeid, fleksibel og som ynskjer å ta ansvar i utvikling av tenestene.
1 svangerskapsvikariat for sjukepleiar inntil 100% stilling i institusjon og heimeteneste, langvakter på helg, 12 helger i året- langvakter heile turnusen om interesse. Oppstart 01.02.26 eller etter avtale - til september 2027 med moglegheit for forlengelse.Om avdelinga: Vossestrand Omsorgstun ligg vakkert til ved Oppheimsvatnet, 2 mil frå Voss Sentrum.Me har tre avdelingar med plass til 25 bebuarar, 16 langtidsplassar og 9 omsorgsbustadar med heildøgns bemanning.Heimetenesta har stort geografisk område med omlag 50 heimebuande som har tenester hjå oss. Me har eigen dagavdeling 2 dagar for veka.
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneholder namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar.I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.