Una candidatura completa in un minuto
Curriculum e lettera di presentazione personalizzati, pronti da inviare.
Vindafjord kommune ved Vindafjord legevakt søker sjukepleiar i ei 20% stilling frå 18.01.2027 til 14.12.2027. Du blir ein viktig del av eit engasjert team der legehjelp og rask vurdering står i fokus.
Du vil vurdere pasientar, prioritere etter alvorlegheitsgrad, samarbeide tett med lege og legevaktsentral og vera med på å sikre rett hjelp til rett tid. Vi tilbyr god støtte, vidareutdanning og eit godt arbeidsmiljø.
Vil du gjera ein forskjell når det verkeleg gjeld?
Da ein av våre tilsette skal ut i svangerskapspermisjon, søker me sjukepleiar til helgestilling i tidsrommet 18.01.2027 til 14.12.2027. Stillinga er 20 %, med arbeid kvar 3. helg, og nokon bevegelige heilagdagar. Ekstravakter vil også vera mogleg.
Når folk opplever noko akutt og uventa, er det ofte oss dei møter først. Di evne til å handle raskt, kommunisere klart og vise omsorg kan vera avgjerande for korleis pasientar og pårørande opplever krisa dei står i. Hjå oss får du bruka både hovudet og hjartet, og kvar vakt utgjer ein skilnad.
Du vil jobbe i eit engasjert team med både legar og sjukepleiarar der samspel og tillit er grunnlaget for kvardagen. Her får du høve til å utvikla deg vidare innan akuttmedisin og legevaktsarbeid, med støtte og opplæring tilpassa deg og din erfaring. Me er stolte av arbeidsmiljøet vårt – det er prega av fagleg tyngde, rausheit og humor.Det er stor variasjon i arbeidsdagane, noko som krev sjølvstende, raske vurderingar og evne til å halde roen – men også gir mykje tilbake i form av læring og fagleg vekst.
Etne og Vindafjord legevakt er ei interkommunal legevaktordning med base i Vindafjord beredskapssenter, samlokalisert med Ølen legekontor – i nye, moderne og godt utstyrte lokale. Me er totalt 18 fastlegar og 6 sjukepleiarar i turnus.
Du blir ein viktig del av teamet på vakt. Du vil vurdere pasientar, prioritere etter alvorlegheitsgrad, samarbeide tett med lege og legevaktsentral, og vera med på å sikre at pasientar får rett hjelp til rett tid.
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar:
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar: