Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Vossestrand Omsorgstun ynskjer å fylgja med i tida og sikra rett kompetanse på rett plass til rett tid. Som sjukepleiar får du ein delt turnus, mulighet for arbeid kvar 4. helg og langvakter i eit fagmiljø prega av godt arbeidsmiljø og høg trivsel.
Tilsette arbeider etter årsturnusprinsippet med kontinuitet for brukarar og påverkar rotasjonane gjennom arbeidsplassen. Ein rein turnus og eit inkluderande arbeidsmiljø vil fremje fagleg utvikling og samarbeid i eit tverrfagleg team.
Vossestrand Omsorgstun ynskjer å fylgja med i tida. Difor vil me tilpassa oss framtida si helseteneste, og sikra rett kompetanse på rett plass til rett tid.
Helse og omsorg arbeider etter tillitsmodellen med pasienten i fokus og med tenesteutøvarar som kan, vil og tør.
Me tilbyr varierte oppgåver med fokus på fagleg utvikling, stort fleksibilitet og høg kvalitet,som skal drive omsorgstenesta opp og fram ved hjelp av kontinuerleg kompetansebygging, og nært tverrfaglegsamarbeid.
Som sjukepleiar i Voss herad vil du få moglegheit til a verta ein del av eit dyktig fagmiljø, med dedikerte ogkunnskapsrike tilsette. Me har eit godt arbeidsmiljø og høg trivsel.Me arbeider etter årsturnusprinsippet som sikrar føreseieleg arbeidstid for dei tilsette, og kontinuitet for våre brukarar.Som tilsett kan du påverka arbeidsrotasjonen din.
Vossestrand Omsorgstun litt vakkert plassert ved vatnet på Oppheim, omlag 20 minutt frå Voss Sentrum. Her får du som sjukepleiar arbeide i sjukeheim, men og i heimetesta då me arbeider på tvers.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som innehold namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar.I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.