A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Vestland fylkeskommune søker kontormedarbeidar til 100% fast stilling ved Stord. Du vil gi praktisk og administrativ støtte til leiar og rådgjevarar, handtere telefon og post, og bidra i rekneskaps- og budsjettarbeid.
Stillinga krev bachelorutdanning innan administrasjon/økonomi eller tilsvarande, førarkort klasse B, og gode digitale ferdigheiter. Politattest er eit krav før tilsetjing og då startar arbeidet.
Vil du vere med å gjere ein skilnad for ungdom og vaksne i Ullensvang og Sunnhordland?
Rettleiingstenesta legg til rette for at flest mogleg ungdom og vaksne fullfører vidaregåande opplæring. Vi har eit nært samarbeid med skular, kommunar, NAV og andre aktuelle instansar. Vi skal bidra til lærelyst og fremje læring for elevar og lærlingar. Dette gjer vi gjennom å følgje opp elevar, lærlingar, støtte ungdom utanfor opplæring, og rettleie vaksne. Tenesta består av eit tverrfagleg team innan fagfelta pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), oppfølgingstenesta (OT), opplæring i bedrift og vidaregåande opplæring for vaksne.
Rettleiingstenesta Vestland sør dekkjer kommunane Fitjar, Tysnes, Stord, Bømlo, Sveio, Etne, Kvinnherad og Ullensvang. Vi har kontorstad på Stord og ved dei vidaregåande skulane i vårt område.
Vi har ledig ei 100 % fast stilling som kontormedarbeidar frå 4. januar 2027 med kontorstad på Stord. Stillinga er ei merkantil støttestilling som betyr mykje for heile tenesta. Med deg på laget får rådgjevarane tid til å bruke fagleg skjønn der det trengst mest, og du bidreg til høg kvalitet i tenestene våre.
Som kontormedarbeidar gir du praktisk og administrativ støtte til leiar og rådgjevarane ved å:
Som kontormedarbeidar er du del av eit fagnettverk med dei merkantile i alle dei seks rettleiingstenestene i Vestland. Arbeidsoppgåvene krev at du kan organisere eige arbeid og jobbe sjølvstendig. Du må rekne med noko reiseverksemd til skular og samarbeidspartnarar i regionen.
Vi søkjer deg som har:
Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
Vi søkjer etter deg som:
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Hos oss får du:
Ragnhild Ravna Skjærvik,leiar,41432387,Ragnhild.Ravna.Skjaervik@vlfk.no
Vikastemmo 35
5411Stord
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5208950842
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 26.11.2026