Obtenez une réponse de cet employeur
Votre CV et votre lettre de motivation, adaptés exactement à ce que l’employeur recherche.
Vestland fylkeskommune søkjer ein rådgjevande sekretær til Kontrollutvalet i Vestland. Du vil arbeide som sekretariat og rådgjevar for kontrollutvala, skriva saksframlegg, planlegge møta og tilrettelegge for dei.
Du får ansvar for oppfølging av saker, opplæring og dialog med revisor, samt delta i offentlige innkjøp av revisjonstenester med innkjøpsavdelinga. Søkjarar med relevant utdanning og erfaring vert oppmoda til å søkje.
Kontrollutvalet er eit politisk utval som skal føre kontroll med den kommunale forvaltninga på vegne av kommunestyret. Utvalet skal og sjå til at kommunane har ein forsvarleg revisjon. Revisor utfører mellom anna rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon og eigarskapskontroll.
Kontrollutvala har eige sekretariat. Sekretariatet er kontrollutvalet sitt operative ledd. Sekretariatstenestene omfattar mellom anna saksførebuing, møteavvikling og saksoppfølging. Sekretariatet i Vestland fylkeskommune har fem tilsette. Vi er sekretariat for kontrollutvalet i Vestland fylkeskommune og leverer i tillegg sekretariatstenester til 14 kommunar i Vestland fylke. Sekretariatet i Vestland fylkeskommune er eit leiande fagmiljø i den kommunale eigenkontrollen, og har mellom anna ansvar for folkevaldopplæring for kontrollutvala.
Saman med kollegaene dine bidreg du òg til å sikre kvaliteten på arbeidet og utvikle fagområda. Vi tilpassar oppgåvene til kompetansen og erfaringa di.
Dette må du ha
Du bør ha master, men relevant erfaring kan kome i staden for utdanninga. Vi oppmodar òg nyutdanna til å søkje. Har du mastergrad, vert du tilsett som rådgjevar. Har du bachelorgrad, vert du tilsett som spesialkonsulent.
Kontrollutvalet, sekretariatet og revisjonen er tre viktige instansar i utøving av kontrollaktiviteten i kommunane.
Kontrollutvalet er eit politisk utval som skal føre kontroll med den kommunale forvaltninga på vegne av kommunestyret. Utvalet skal og sjå til at kommunane har ein forsvarleg revisjon. Revisor utfører mellom anna rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon og eigarskapskontroll.
Kontrollutvalet er eit politisk utval som skal føre kontroll med den kommunale forvaltninga på vegne av kommunestyret. Utvalet skal og sjå til at kommunane har ein forsvarleg revisjon. Revisor utfører mellom anna rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon og eigarskapskontroll.
Du er sekretær og rådgjevar for kontrollutvala. Du
Saman med kollegaene dine bidreg du òg til å sikre kvaliteten på arbeidet og utvikle fagområda. Vi tilpassar oppgåvene til kompetansen og erfaringa di.
Dette må du ha
Du bør ha master, men relevant erfaring kan komme i staden for utdanninga. Vi oppmodar òg nyutdanna til å søkje. Har du mastergrad, vert du tilsett som rådgjevar. Har du bachelorgrad, vert du tilsett som spesialkonsulent.
Dette er ein fordel
Slik er du som kollegaDu trivst i møte med folk og byggjer lett relasjonar. Du er tydeleg, høfleg og reflektert i kommunikasjonen og likar å ta ein sakleg og fagleg diskusjon. Du er samfunnsinteressert og trivst i grenselandet mellom administrasjon og politikk.
Praktisk informasjon
Du må rekne med om lag 20 reisedagar i året og noko arbeid på ettermiddagar og kveldar.
Du kan ikkje kombinere denne stillinga med andre deltidsstillingar i fylkeskommunen eller i kommunar som sekretariatet tener.
Anne Kristin Meyer,kontrollsjef,+47 95205350
Lars Hillesgate 22
5008Bergen
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5208360137
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.11.2026
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket.Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonalpådrivarfor eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak fra offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 måneder. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.