Erhalte eine Antwort von diesem Arbeitgeber
Dein Lebenslauf und dein Anschreiben, genau auf das zugeschnitten, was gesucht wird.
Fjord kommune søkjer etter ein omsorgsarbeidar i 100% stilling til ein gut på 14 år, med hovudarbeid i skuletida og heimoppfylgjing ved behov. Arbeidsstaden er Stordal og det blir god opplæring i alt som trengst.
Stillinga omfattar stell og personleg pleie, påkledning og assistanse til skule, med bruk av kommunikasjonshjelpemiddel og krav om samarbeid med habiliteringstenesta. Bilsertifikat er ønskjeleg og politiattest må kunne leggjast fram. Oppstart snarast.
Vi søker medarbeidar i 100% stilling til ein glad og positiv gut på 14 år. Arbeidsstad er Stordal. Stillinga er i hovudsak i skuletida, der du er med for å gjere kvardagen hans lettare ilag med miljøterapeut. Delar av stillinga blir i habiliteringstenesta.
Er du på utkik etter ein variert og kjekk kvardag? Ser du på deg sjølv som ein omsorgsfull, initiativrik og leiken person? Vi ser etter deg som er ansvarleg, empatisk, tålmodig, punktleg, open og god på kommunikasjon. Er du i tillegg lærevillig, kreativ, har glimt i auget og er glad i aktivitet, kan det vere akkurat DEG vi ser etter! Helsefagleg bakgrunn vil vere eit pluss. Du vil få god opplæring i alt du treng å vete.
Oppstart: Snarast
Arbeidsoppgåvene dine vil i hovudsak vere stell og personleg pleie, påkledning, mating, følge på skule, bruk av kommunikasjonshjelpemiddel, vise omsorg og ta ansvar. På dagar der han ikkje er i form til å gå på skule gje oppfølging i heimen.Stillinga inneber ingen arbeid på helg.
Anna Birgitt Myklebust,Leiar Fjord habilitering,41867990
Stordalsvegen 669
6250Stordal
Arbeidsgivar: Helse, omsorg og velferd Fjord kommune
Referansenr.: 5201842473
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.11.2026