Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Rettleiingstenesta Vestland sør i Vestland fylkeskommune søkjer ein kontormedarbeidar til 100% stilling. Du vil tilby praktisk støtte til leiing og rådgjevarar ved sentralbord, arkiv og dokumenthandtering, og vere med i tverrfagleg team.
Arbeidet krev organisering, sjølvstende og evne til å rettleie kollegaer. Krav om førarkort og politiattest. Stillinga er fast og lønn etter avtale, med kontorstad i Viksdal og Stord-området.
Rettleiingstenesta Vestland sør, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel Vil du jobbe innen kontor og administrasjon?
Vil du vere med å gjere ein skilnad for ungdom og vaksne i Ullensvang og Sunnhordland? Rettleiingstenesta legg til rette for at flest mogleg ungdom og vaksne fullfører vidaregåande opplæring. Vi har eit nært samarbeid med skular, kommunar, NAV og andre aktuelle instansar. Vi skal bidra til lærelyst og fremje læring for elevar og lærlingar. Dette gjer vi gjennom å følgje opp elevar, lærlingar, støtte ungdom utanfor opplæring, og rettleie vaksne. Tenesta består av eit tverrfagleg team innan fagfelta pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), oppfølgingstenesta (OT), opplæring i bedrift og vidaregåande opplæring for vaksne. Rettleiingstenesta Vestland sør dekkjer kommunane Fitjar, Tysnes, Stord, Bømlo, Sveio, Etne, Kvinnherad og Ullensvang. Vi har kontorstad på Stord og ved dei vidaregåande skulane i vårt område. Vi har ledig ei 100 % fast stilling som kontormedarbeidar frå 4. januar 2027 med kontorstad på Stord. Stillinga er ei merkantil støttestilling som betyr mykje for heile tenesta. Med deg på laget får rådgjevarane tid til å bruke fagleg skjønn der det trengst mest, og du bidreg til høg kvalitet i tenestene våre.
Som kontormedarbeidar gir du praktisk og administrativ støtte til leiar og rådgjevarane ved å:
Som kontormedarbeidar er du del av eit fagnettverk med dei merkantile i alle dei seks rettleiingstenestene i Vestland. Arbeidsoppgåvene krev at du kan organisere eige arbeid og jobbe sjølvstendig. Du må rekne med noko reiseverksemd til skular og samarbeidspartnarar i regionen.
Vi søkjer deg som har:
Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
Vi søkjer etter deg som:
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Hos oss får du:
Ragnhild Ravna Skjærvik,leiar,41432387, Ragnhild.Ravna.Skjaervik@vlfk.no
Vikastemmo 35
5411Stord
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5208950842
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 26.11.2026
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket.Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonalpådrivarfor eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak fra offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 måneder. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Høgskulen på Vestlandet