Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Øygarden kommune lyser ut eit vikariat som fagarbeidar i 67 % stilling som våken nattevakt ved Vågaleitet omsorgsbustad. Stillinga er ledig frå dags dato tom 31.08.2027, med stor moglegheit for omgjøring til fast tilsettings.
Arbeidet krev tilsyn med brukar, akutte hendingar om natta, og etterleving av HMS og lovverk. Avdelinga Vågaleitet omsorgsteam yter tenester til menneske med ulike hjelpebehov som bur i eigne bustader, og teamet består av vernepleiarar, sjukepleiarar og helsefagarbeidarar.
Øygarden kommune Vågaleitet omsorgsbustad
Vågaleitet omsorgsteam yter tenester til menneske med ulike hjelpebehov som bur i eigne bustader. Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, kor trivsel, sjølvbestemmelse, tillitsskapande arbeid og meistring tilleggas stor vekt. Vi er ei flott og tverrfagleg samansett personalgruppe beståande av mellom anna vernepleiarar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar/fagarbeidarar og assistentar. Vi har no ledig eit vikariat som fagarbeider i 67 % stilling som våken nattevakt. Stillinga er ledig frå dags dato tom 31.08.2027. Det er stor moglegheit for at stillinga vert omgjort til fast stilling.

Avd.leiar Vågaleitet Vivian Kvinge tlf 55 09 68 99 / 41 41 55 21
Einingsleiar Kristin Straume tlf 99 79 95 26
Øygarden kommuneønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet.Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
Helsefagarbeidarar 4 x 75 % faste stillingar og vikariat
Sjukepleiar/helsefagarbeidar 27% fast natt helg