U-18-etterforskar

Møre og Romsdal Politidistrikt

Molde

Presencial

NOK 640.000 - 720.000

Tempo integral

Há 3 dias
Seja uma das primeiras pessoas a se candidatar

Receba uma resposta desta empresa empregadora

Seu currículo e carta de apresentação personalizados exatamente para o que estão contratando.

Passe pelos filtros ATS

Resumo da vaga

Molde politistasjon søkjer ein medarbeidar som ønskjer ei meiningsfull kvardag der du får jobbe med etterforsking av U-18-saker ved Molde politistasjon. Du vil samarbeide tett med avsnitt for etterretning og førebygging, og med etterforskarar ved avsnitt for etterforsking.

I periodar må ein bidra innan andre tenesteområde etter behov i driftseininga, og det er moglegheit for operativ teneste kvar fjerde helg.

Qualificações

  • Du er sjølstendig, systematisk og initiativrik.
  • Du har gode relasjonelle ferdigheter til å arbeide med barn, unge og sårbare.
  • Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum.

Responsabilidades

  • Arbeid med etterforsking av U-18-saker ved Molde politistasjon.
  • Samarbeide tett med avsnitt for etterretning og førebygging, og med etterforskarar ved avsnitt for etterforsking.
  • Vurdere behov for bidrag til andre tenesteområde i driftseininga.

Conhecimentos

Etterforskingsfag
Forebygging
Sjølstendig arbeid
Relasjonelle ferdigheter

Descrição da vaga

Ønskjer du ein meiningsfull kvardag der du får jobbe med etterforsking av U-18-saker ved Molde politistasjon?

Du vil arbeide tett saman med andre tilsette ved avsnitt for etterretning og førebygging, og med etterforskarar ved avsnitt for etterforsking. I periodar må ein pårekne å bidra innan andre tjenesteområde, avhengig av behov i driftseininga. Det er moglegheit for operativ tjeneste kvar fjerde helg.

I tillegg til å få ei utviklande stilling, byr Molde og Romsdalen på mektige naturopplevingar, og eit mangfoldig tilbod innan fritidsaktivitetar og kulturelle opplevingar. Vi ser fram til å høyre frå deg!

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.

Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter deg som er interessert i etterforskingsfaget og forebygging, og som likar å jobbe med ungdom. Du er sjølstendig, systematisk og initiativrik. Du trivst med ein variert arbeidskvardag, med å identifisere nødvendige gjeremål og å få desse gjennomført åleine eller i lag med andre.

Du har gode relasjonelle ferdigheter som gjer deg eigna til å arbeide med barn, unge og personar i ein sårbar situasjon.

Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.

  • pårekne noko arbeid på kveldstid
  • bidra med rettleiing og ved opplæring/kompetansehevande tiltak ved eininga
  • moglegheit for operativ tjeneste i helg (krev minimum IP4-godkjenning men det er ikkje eit krav til stillinga)
  • plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga

Det er også ønskjeleg med

  • erfaring fra politistilling
  • erfaring fra etterforsking
Personlege eigenskapar
  • er positiv og tar initiativ

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på.Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her .

  • ei utviklande og meiningsfull stilling ved Molde politistasjon
  • politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 640 000 til kr. 720 000
  • politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 595 000 til kr. 660 000
  • politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 560 000 til kr. 620 000
  • for særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
  • godtgjering etter gjeldande ATB på for tida 44 708 kr og tillegg for eventuell turnusteneste
  • endringar i stillingstitlar og stillingskodar må reknast med som følgje av innføringa av nytt gradssystem i 2027.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar, les meir på www.spk.no . Det blir trekt to prosent fra lønna til innskot i Statens pensjonskasse
  • mogelegheit for trening i arbeidstida
  • fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift og vere knytt til bedriftshelseteneste

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar fra kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her .

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Avsnittleiar

Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 500 menneske. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar.

Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap fra Stad til Helgeland.

Politidistriktet har om lag 650 tilsette og vert leia av politimeister Elin Anja Drønnen med hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar: Felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR og HMS.

Obtenha sua revisão de currículo grátis e confidencial.

ou arraste e solte seu arquivo aqui.

Similar jobs

Vagas similares que valem a pena comparar

Operativ etterforskar utlendingskontroll
Operativ etterforskar utlendingskontroll

Møre og Romsdal Politidistrikt • Ålesund

Presencial
NOK 510.000 - 660.000
Statens pensjonskasse
IA-ordning
Turnustjeneste tilleggsordning
Politiførstebetjent - teamleiar
Politiførstebetjent - teamleiar

Møre og Romsdal Politidistrikt • Vatne

Presencial
NOK 730.000 - 760.000
Fag- og opplæringsansvarleg
Fag- og opplæringsansvarleg

Møre og Romsdal Politidistrikt • Ålesund

Presencial
NOK 760.000 - 820.000
Seksjonsleiar
Seksjonsleiar

Møre og Romsdal Politidistrikt • Kristiansund

Presencial
NOK 830.000 - 860.000
IA-bedrift
Statens pensjonskasse
Trening i arbeidstida
+2
Politibetjent 3/2/1 - Etterforsker ved tjenesteenhet Ringsaker
Politibetjent 3/2/1 - Etterforsker ved tjenesteenhet Ringsaker

Innlandet politidistrikt • Brumunddal

Presencial
NOK 530.000 - 635.000
Pensjonsordning
Politifaglig etterforskningsleder
Politifaglig etterforskningsleder

Øst politidistrikt • Jessheim

Presencial
NOK 725.000 - 835.000
Treningsrom
Fleksibel arbeidstid
Mulighet for hjemmekontor
+1
Operativ planlegger/Politioverbetjent
Operativ planlegger/Politioverbetjent

Agder politidistrikt • Mandal

Presencial
NOK 750.000 - 790.000
Pensjons- og forsikringsordninger
Låneordninger i Statens pensjonskasse
Fag- og opplæringsansvarlig Operasjonssentralen
Fag- og opplæringsansvarlig Operasjonssentralen

Nordland politidistrikt • Bodø

Presencial
NOK 680.000 - 830.000
HR-rådgiver
HR-rådgiver

Agder politidistrikt • Kristiansand

Presencial
NOK 670.000 - 725.000
Politibetjent 3/2/1 Geografisk driftsenhet Sogn og Fjordane
Politibetjent 3/2/1 Geografisk driftsenhet Sogn og Fjordane

Vest politidistrikt • Førde, Nordfjordeid, Sogndal

Presencial
NOK 530.000 - 658.000
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Principais localizações