Politiførstebetjent - teamleiar

Møre og Romsdal Politidistrikt

Vatne

On-site

NOK 730,000 - 760,000

Full time

2 days ago
Be an early applicant

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Job summary

Møre og Romsdal Politidistrikt søkjer ein dyktig etterforskar til 2-årig vikariat som politiførstebetjent/teamleiar ved Nordre Sunnmøre politistasjon. Arbeidet krev saksansvar i eiga portefølje og kan involvera ledarskapsoppgåver i tilfelle behov.

Stillinga inkluderer krimvakttjeneste i helg ca. kvar 6. veke, og løn frå 730 000 til 760 000 kroner årleg. ATB-tillegg og pensjonsordningar er inkluderte, med vurdering av høgare lønna for særleg kvalifiserte søkjarar.

Qualifications

  • Kvalitetssikring i straffesaksbehandlinga som betyr kontroll av sakshandsaming og krav til dokumentasjon.
  • Opplæring og rettleiing av studentar og andre etterforskarar ved eininga.
  • Bidra til å byggja kompetanse innan etterforskingsfaget i politidistriktet.

Responsibilities

  • Kvalitetssikring i straffesaksbehandlinga.
  • Rettleiing/opplæring av studentar og øvrige etterforskarar ved eininga.
  • Bidra til å byggja kompetanse innan etterforskingsfaget i politidistriktet.
  • Kan påleggast andre arbeidsoppgåver.

Skills

Kvalitetssikring i straffesaksbehandla
Opplæring av studentar/etterforskarar
Etterforskelevare kompetanseutvikling

Education

Politi(høg)skule – vitnemål
Brei erfaring knytt til etterforsking

Job description

Vi søkjer ein dyktig etterforskar til ledig 2 års vikariat som politiførstebetjent/teamleiar ved Nordre Sunnmøre politistasjon!

Formålet med stillinga er at du skal vere med på å sikre stabilitet og kvalitet i etterforskingsarbeidet i eininga. Du må også rekne med å delta i heile ansvarsfeltet som den geografiske driftseininga har i straffesaksbehandlinga. Du vil primært ha saksansvar i eiga saksportefølje, i tillegg til å vere ressursperson for andre etterforskarar ved eininga.

Det ligg også til stillinga å bli utpeikt til politifagleg etterforskingsleiar i dei sakene der det er behov for det.

Etterforskingsmiljøet ved Nordre Sunnmøre politistasjon er prega av å vere eit ungt etterforskarmiljø. Vi ønsker å bygge videre på læring og utvikling i miljøet, og dette skal forsterkast vidare. Arbeidsdagen er prega av høgt tempo og utfordrande arbeidsoppgåver.

Du må pårekne arbeid innan krimvakttjeneste i helg, for tida kvar 6. kvar veke.

På Sunnmøre får du storslått natur rett utenfor døra og unike moglegheiter for toppturar, skikøyring og anna friluftsliv året rundt. Er du klar for nye utfordringar og ein spennande arbeidskvardag i ein av Noregs flottaste regionar? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken.Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.

  • kvalitetssikring i straffesaksbehandlinga
  • rettleiing/opplæring av studentar og øvrige etterforskarar ved eininga
  • bidra til å bygge kompetanse innan etterforskingsfaget i politidistriktet
  • kan påleggast andre arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • fullført og bestått Politi(høg)skule. Vitnemål skal leggast ved
  • brei kompetanse og erfaring knytt til etterforsking

plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar fra enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.

Det er også ønskjeleg med:

  • relevant leiarerfaring er ein fordel
  • erfaring frå etterforskingsleiing i sak og på portefølje
Personlege eigenskapar

Som medarbeider i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her .

  • stillinga blir lønna som politiførstebetjent, stillingskode 0285, med brutto årslønn frå kr. 730 000 til kr. 760 000.For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
  • godtgjering etter gjeldande ATB på for tida 44 708 kr og tillegg for eventuell tunusteneste
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
  • mogelegheit for trening i arbeidstida
  • Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her .

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video:

Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.

Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eit av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 270 000 menneske. Majestetiske fjellområde som Trollheimen, Romsdalsfjella, Sunnmørsalpane og Tafjordfjella set naturlege avgrensingar i fylket og politidistriktet.

Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.

Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Elin Anja Drønnen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

U-18-etterforskar
U-18-etterforskar

Møre og Romsdal Politidistrikt • Molde

On-site
NOK 640,000 - 720,000
Operativ etterforskar utlendingskontroll
Operativ etterforskar utlendingskontroll

Møre og Romsdal Politidistrikt • Ålesund

On-site
NOK 510,000 - 660,000
Statens pensjonskasse
IA-ordning
Turnustjeneste tilleggsordning
Fag- og opplæringsansvarleg
Fag- og opplæringsansvarleg

Møre og Romsdal Politidistrikt • Ålesund

On-site
NOK 760,000 - 820,000
Seksjonsleiar
Seksjonsleiar

Møre og Romsdal Politidistrikt • Kristiansund

On-site
NOK 830,000 - 860,000
IA-bedrift
Statens pensjonskasse
Trening i arbeidstida
+2
Politibetjent 3/2/1 - Etterforsker ved tjenesteenhet Ringsaker
Politibetjent 3/2/1 - Etterforsker ved tjenesteenhet Ringsaker

Innlandet politidistrikt • Brumunddal

On-site
NOK 530,000 - 635,000
Pensjonsordning
Fag- og opplæringsansvarlig Operasjonssentralen
Fag- og opplæringsansvarlig Operasjonssentralen

Nordland politidistrikt • Bodø

On-site
NOK 680,000 - 830,000
Operativ planlegger/Politioverbetjent
Operativ planlegger/Politioverbetjent

Agder politidistrikt • Mandal

On-site
NOK 750,000 - 790,000
Pensjons- og forsikringsordninger
Låneordninger i Statens pensjonskasse
Politifaglig etterforskningsleder
Politifaglig etterforskningsleder

Øst politidistrikt • Jessheim

On-site
NOK 725,000 - 835,000
Treningsrom
Fleksibel arbeidstid
Mulighet for hjemmekontor
+1
Operasjonsleder ved operasjonssentralen
Operasjonsleder ved operasjonssentralen

Nordland politidistrikt • Bodø

On-site
NOK 790,000 - 870,000
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Gode pensjons- og forsikringsordninger
Patruljeleder - GDE Vestfold
Patruljeleder - GDE Vestfold

Sør-Øst politidistrikt • Tønsberg

On-site
NOK 621,000 - 759,000
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Gode arbeidsbetingelser
Top locations