Operativ etterforskar utlendingskontroll

Møre og Romsdal Politidistrikt

Ålesund

On-site

NOK 510,000 - 660,000

Full time

2 days ago
Be an early applicant

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Statens pensjonskasse
IA-ordning
Turnustjeneste tilleggsordning

Job summary

Møre og Romsdal politidistrikt søker operativ etterforskar innan utlendingskontroll i Ålesund. Stillinga krev fullført politiutdanning, IP4-godkjenning og plettfri vandel med krav om politiattest ved tilsetting.

Søkjarar bør ha erfaring frå etterforsking eller utlendings- og grensekontroll og vere lagspelar som bidrar til eit godt arbeidsmiljø. Stillinga er fast og knytt til seksjonen for utlendings- og grensekontroll i Ålesund, med lokale driftseiningar i Ålesund og Kristiansund.

Qualifications

  • Krav om fullført og bestått politi(høg)skule og vitnemål ved søknad.
  • IP4-godkjenning eller mulighet for godkjenning i nær framtid.
  • plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved tilsetting.

Responsibilities

  • Arbeidskvardagen er variert med krav til fleksibilitet og sjølvstendigheit.
  • Involvering i utlendingskontroll og grensesamarbeid.
  • Bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø og profesjonell oppførsel.

Skills

Kommunikasjon
Samarbeid

Education

Politi høgskule

Job description

Vil du bidra til å sikre Norge mot truslar utanfrå, og sørgje for at dei som oppheld seg i landet har lov til det? Ønskjer du å jobbe med eit spennende fagfelt i stadig endring, og likar å jobbe sjølvstendig, strukturert og målretta? Er du glad i utfordringar og ønskjer å jobbe i eit miljø med gode og dyktige kollegaer? Då kan dette vere jobben for deg. Vi har ledig fast stilling som operativ etterforskar innan utlendingskontroll ved seksjon for utlendings- og grensekontroll i Ålesund.

Seksjonen består av høgt motiverte menn og kvinner fordelt på to oppmøtestadar i høvesvis Ålesund og Kristiansund. Vi har eit spesielt godt arbeidsmiljø og er ute etter deg som ønskjer å styrke dette ytterlegare og som er motivert til å utvikle faget og avdelinga over tid. Vi arbeider med fagfelt som er høgt prioritert sentralt og lokalt, og har godt og tett samarbeid med andre driftseiningar, særorgan og eksterne aktørar.

Arbeidskvardagen er variert og tidvis hektisk, med krav til fleksibilitet og evne til å ta på seg ulike roller. Vi har tidvis høgt arbeidspress og stort krav til fleksibilitet og sjølvstendigheit, der alle må kunne dekkje fleire funksjonar for å vareta felles ansvar. Dette er ei ypparleg stilling for deg som ønskjer fagleg utvikling og variasjon i kvardagen.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken.Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing. Seksjonen ønskjer mangfald og ser spesielt positivt på søkjarar med bakgrunn/erfaring/perspektiv/kompetanse som kan utfylle det vi har frå før. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.

Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å møte utfordringar knytt til kriminalitetsnedkjemping. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, arbeidsmoral og etisk integritet.

Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.

I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.

  • avdekkje personar som oppheld seg ulovleg i Noreg, eller på annan måte har brote vilkår for opphald
Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • fullført og bestått politi(høg)skule. Vitnemål skal leggast ved søknaden.
  • IP4-godkjenning, eller må kunne bli godkjent
  • plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.

Det er også ønskjeleg med

  • erfaring frå etterforsking, etterretning, utlendings- og grensekontroll
Personlege eigenskapar
  • gode haldningar, kommunikasjons- og samarbeidsferdigheiter
  • lagspelar som bidrar positivt til arbeidsmiljøet i atferd og engasjement

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her .

Personlege eigenskapar blir vektlagt.

  • ei spennande stilling i Møre og Romsdal politidistrikt
  • politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 510 000 til kr. 585 000
  • politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 535 000 til kr. 600 000
  • politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 590 000 til kr. 660 000
  • For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering vurderast. Ved endring av tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området
  • godtgjersle etter gjeldande ATB som for tida er kr. 44 708 og tillegg for eventuell turnusteneste
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no . Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
  • tIlknyting til bedriftshelseteneste og fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her .

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 500 menneske. Trollheimen, Romsdalsfjella, Sunnmørsalpane og Tafjordfjella set naturlege avgrensingar i fylket og politidistriktet. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar.

Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.

Politidistriktet har om lag 650 tilsette og vert leia av politimeister Elin Drønnen med hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar: Felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR og HMS.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Fag- og opplæringsansvarleg
Fag- og opplæringsansvarleg

Møre og Romsdal Politidistrikt • Ålesund

On-site
NOK 760,000 - 820,000
Seksjonsleiar
Seksjonsleiar

Møre og Romsdal Politidistrikt • Kristiansund

On-site
NOK 830,000 - 860,000
IA-bedrift
Statens pensjonskasse
Trening i arbeidstida
+2
Politifaglig etterforskningsleder
Politifaglig etterforskningsleder

Øst politidistrikt • Sarpsborg

On-site
NOK 765,000 - 880,000
Lønnsnivå 765k-880k brutto årlig
Statens pensjonskasse
Operativ grensekontrollør
Operativ grensekontrollør

Kenneth Huse • Kristiansund

On-site
NOK 510,000 - 640,000
Fast stilling
ATB tillegg
Pensjonskasse
+1
HR-rådgiver
HR-rådgiver

Agder politidistrikt • Kristiansand

On-site
NOK 670,000 - 725,000
Operasjonsleder ved operasjonssentralen
Operasjonsleder ved operasjonssentralen

Nordland politidistrikt • Bodø

On-site
NOK 790,000 - 870,000
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Gode pensjons- og forsikringsordninger
Politibetjent 3/2/1 - Etterforsker ved tjenesteenhet Ringsaker
Politibetjent 3/2/1 - Etterforsker ved tjenesteenhet Ringsaker

Innlandet politidistrikt • Brumunddal

On-site
NOK 530,000 - 635,000
Pensjonsordning
Leder for felles enhet for etterretning, forebygging og etterforskning
Leder for felles enhet for etterretning, forebygging og etterforskning

Nordland politidistrikt • Bodø

On-site
NOK 1,100,000 - 1,300,000
Statens pensjonskasse
Trening i arbeidstiden
Gode arbeidsbetingelser
Politibetjent 3/2/1- Grensekontrollør
Politibetjent 3/2/1- Grensekontrollør

Sør-Øst politidistrikt • Sandefjord

On-site
NOK 528,000 - 646,000
Politibetjent 3/2/1 Geografisk driftsenhet Sogn og Fjordane
Politibetjent 3/2/1 Geografisk driftsenhet Sogn og Fjordane

Vest politidistrikt • Førde, Nordfjordeid, Sogndal

On-site
NOK 530,000 - 658,000
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Top locations