A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Møre og Romsdal politidistrikt søker ein seksjonsleiar til seksjon for forvaltning og sivil rettspleie i Kristiansund. Du har personal-, mål- og resultatansvar for seksjonen, og leier ved publikumsskranken og den sivile rettspleia i Nordmøre.
Tilsette treng høg fagleg kompetanse, etisk integritet og evne til å handtere varierte oppgåver i eit høgt tempo. Oppmøtestad er Kristiansund politistasjon, og vi søkjer kandidatar som blir motivert av å levere gode tenester og rettstryggleik.
Vil du vere med på å leie ei avdeling i politiet som møter publikum frå alle samfunnslag og gjer ein forskjell for den enkelte? Då kan stillinga som seksjonsleiar ved seksjon for forvaltning og sivil rettspleie i Kristiansund vere noko for deg.
Som seksjonsleiar har du personal-, mål- og resultatansvar for seksjonen. Du vil arbeide i eit fagmiljø som brenn for kvalitet, rettstryggleik og service. Du vil ha ansvar for publikumsskranken ved Kristiansund politistasjon, der seksjonen handterer eit breitt spekter av førespurnader frå publikum, mellom anna mottak av søknader om pass og nasjonalt ID-kort. I tillegg vil du leie arbeidet med den sivile rettspleia i Kristiansund namsfogddistrikt, som omfattar heile Nordmøre.
Arbeidskvardagen er prega av høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver, så du må trivast med å ha mange ballar i lufta samstundes. Personlege eigenskapar vert særleg vektlagt i leiarstillingar.
Oppmøtestad er Kristiansund politistasjon.
Vi søkjer etter medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, arbeidsmoral og etisk integritet.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette må du ha for å være kvalifisert:
Det er også ønskeleg med:
For å trivast og lykkast godt i stillinga, ser vi for oss at du
Som medarbeider i politiet har du høy etisk bevissthet, du kjennetegnes av å være modig og helhetsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese mer om våre etiske retningslinjer og medarbeiderplattform her .
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her .
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 500 menneske. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar.
Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Politidistriktet har om lag 650 tilsette og vert leia av politimeister Elin Anja Drønnen med hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar: Felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR og HMS.