A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Sogndal kommune søker ein tenesteleiar for plan og forvaltning som får ei sentral rolle i samfunnsutviklinga og ansvar for fag, personale, økonomi og resultat.
Du blir ein viktig del av leiarteamet og skal leie tenesta, utvikle eit sterkt fagmiljø og byggje god dialog med innbyggjarar, næringsliv og offentlege aktørar for berekraftig vekst og trygge tenester.
Vil du vere med og forme framtidas Sogndal?
Korleis skal Sogndal utvikle seg som bu-, arbeids- og regionsenter? Korleis legg me til rette for attraktive lokalsamfunn, berekraftig vekst og næringsutvikling, samtidig som me tek vare på klima og natur?
Som tenesteleiar for plan og forvaltning får du ei sentral rolle i dette arbeidet. Du får ansvar for eit breitt fagområde, leie og utvikle dyktige medarbeidarar og påverke avgjerder som vil setje spor i lokalsamfunnet i mange år framover.
Me ser etter ein leiar som kombinerer fagleg tryggleik med evne til å skape retning, samarbeid og resultat. Du ser samanhengen mellom gode planar, effektiv forvaltning og framtidig verdiskaping, og motiverast av å finne gode løysingar i skjeringspunktet mellom fag, politikk og samfunnsutvikling.
Du rapporterer til kommunalsjef for plan og samfunn og blir ein viktig del av leiarteamet som skal utvikle morgondagens Sogndal.
Eininga for plan og forvaltning har ei sentral rolle i samfunnsutviklinga i Sogndal kommune. Gjennom planlegging, myndigheitsutøving og faglege råd legg me grunnlaget for korleis kommunen skal vekse og utvikle seg.
Det komande året skal tenesta også etablere eit kommunesamarbeid om miljø og ureining.
Me skal vidareutvikle eit sterkt og utviklingsorientert fagmiljø der høg fagleg kvalitet og effektiv sakshandsaming går hand i hand med god dialog, samarbeid og evne til å finne løysingar.
Som tenesteleiar får du eit heilskapleg ansvar for fag, personale, økonomi og resultat. Du skal leie og utvikle tenesta i tråd med kommunen sine mål og strategiar.
Me ser etter ein tydeleg og utviklingsorientert leiar som skaper engasjement, gir retning og har god gjennomføringsevne.
Du ser heilskapen i samfunnsutviklinga og forstår samspelet mellom politiske mål, faglege vurderingar, lovverk og behova til innbyggjarar og næringsliv. Du er trygg i leiarrolla og har den faglege og administrative kompetansen som trengst for å handtere komplekse oppgåver og sikre at kommunen følgjer gjeldande lovverk og politiske vedtak.
For å lukkast i stillinga mener me at du må ha:
Hjå oss får du ei sentral leiarstilling der du kan påverke utviklinga av både tenesta og Sogndal kommune.
Kommunen er i utvikling, med ambisjonar om berekraftig vekst og sterk regional utvikling. Me er store nok til å by på fagleg mangfald og utviklingsmoglegheiter, men små nok til å ha oversikt, tryggleik og nærleik til det meste.
Her får du kombinere ei spanande leiarstilling med eit liv tett på naturen, med fjord, fjell og frisk luft rett utenfor kontordøra.
Du blir ein del av ein kommune med om lag 1300 medarbeidarar som kvar dag arbeider for å fornye, forbetre og forenkle tenestene våre, til beste for både innbyggjarar og tilsette.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søke jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 måneder.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak fra offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord.