Prosjektleiar Sognamekken

Sogndal kommune

Sogndal

Vor Ort

NOK 650.000 - 850.000

Vollzeit

Vor 3 Tagen
Sei unter den ersten Bewerbenden

Eine vollständige Bewerbung in einer Minute

Maßgeschneiderter Lebenslauf und Anschreiben – versandbereit.

Schaffe es an den ATS-Filtern vorbei

Benefits dieser Stelle

Løn etter tariff
Pensjons- og forsikringsordningar

Zusammenfassung

Sogndal kommune satsar på ungdom, inkludering og gode fritidsarenaer. No skal me etablere Sognamekken – ein ny, lågterskel møteplass for ungdom med interesse for motor, mekking og praktisk arbeid.

Som prosjektleiar får du ei sentral rolle i å etablere og utvikle Sognamekken frå idé- og prosjektfase til eit velfungerande tilbod. Ungdommane skal vere aktive medspelarar og du må omsetje idear til handling.

Qualifikationen

  • Utdanning som til dømes lærarutdanning, yrkesfag, sosialfagleg utdanning eller fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget.
  • Gyldig politiattest er eit krav.
  • Erfaring frå arbeid med ungdom eller prosjektleiing er fordelaktig.

Aufgaben

  • Etablering av Sognamekken og tilrettelegging av verkstaden.
  • Utarbeide HMS-rutinar og driftsrutinar.
  • Prosjektleiing, framdrift og vidareutvikling av ein modell for langsiktig drift.
  • Organisere aktivitetar og fast oppnekningsfristar.
  • Ungdomsmedverknad og rekruttering av frivillige.
  • Rapportere til prosjekt- og kommuneleiing og samarbeidspartnarar.

Kenntnisse

Praktisk sans
Samarbeid
Involvering
Kommunikasjon

Ausbildung

Relevant utdanning

Jobbeschreibung

Vil du vera med å skape ein ny møteplass for ungdom, motor og meistring?

Sogndal kommune satsar på ungdom, inkludering og gode fritidsarenaer. No skal me etablere Sognamekken – ein ny, lågterskel møteplass for ungdom med interesse for motor, mekking og praktisk arbeid.

Me søkjer deg som vil vere med frå starten og utvikle Sognamekken til ein trygg, inkluderande og attraktiv møteplass for ungdom i Sogn.

Om Sognamekken

Sognamekken skal bli eit sosialt mekke- og aktivitetstilbod der ungdom får tilgang til lokale, verktøy, utstyr og eit trygt fellesskap rundt motor og praktiske aktivitetar.

Målgruppa er i hovudsak ungdom frå 7. klasse til vidaregåande skule (12–19 år).

Tilbodet skal særleg nå ungdom som er interesserte i praktisk arbeid, mekking og motor, og som kan ha nytte av ein praktisk arena med meistring, tilhøyrsle og gode vaksenrelasjonar.

Sognamekken skal vere meir enn ein stad å skru på bilar. Me skal skape ein arena der ungdom kan:

Om stillinga

Som prosjektleiar får du ei sentral rolle i å etablere og utvikle Sognamekken frå idé- og prosjektfase til eit velfungerande og berekraftig tilbod. Du får moglegheita til å forme innhald, organisering og utvikling. Ungdomane skal vere aktive medspelarar, og du må trivast med å involvere, lytte og omsetje idear til handling.

  • Etablering av Sognamekken, inkludert innkjøp og tilrettelegging av verkstaden
  • Rutinar for HMS, tryggleik og drift
  • Prosjektstyring, framdrift og vidareutvikling av ein modell for langsiktig drift
  • Aktivitetar og faste opningstider
  • Ungdomsmedverknad og rekruttering
  • Rapportering til prosjekt- og kommuneleiing og samarbeidspartnarar

Du blir ein del av Ungdomsavdelinga i Sogndal kommune og vil samarbeide tett med ungdomskoordinator, ungdomsarbeidarar, utekontaktar og relevante fagmiljø i kommunen. Stillinga er ein 2-årig prosjektstilling, med moglegheit for forlenging.

Noko arbeid på kveldstid og i helgar må påreknast.

Kven me ser etter

Stillinga har ingen formelle kvalifikasjonskrav, men relevant utdanning, til dømes lærarutdanning, yrkesfag, sosialfagleg utdanning eller fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget, er ein fordel.

Personleg eignaheit vil bli vektlagt, og det er viktig at du er praktisk anlagt, at du brenn for ungdom, og at du har lyst til å vere med å utvikle Sognamekken til ein god møteplass. Stillinga har krav om gyldig politiattest.

Me ser for oss at du har erfaring frå eitt eller fleire av desse områda:

  • Arbeid med ungdom, til dømes som kontakt for lærlingar i ei bedrift
  • Prosjektleiing, organisasjonsarbeid eller frivilligheit
  • Er trygg og tydeleg i møte med ungdom, og har lett for å skape relasjonar og tillit
  • Er god på samarbeid og nettverksbygging, og kan engasjere og koordinere frivillige
  • Ser moglegheiter og finn praktiske løysingar

Du ser ungdom før system, men forstår at gode system er nødvendige for å skape ein trygg og berekraftig møteplass. Du toler litt olje på hendene, tek gjerne initiativ og blir ikkje skremd av at prosjektet ikkje har alle svara på førehand. Du kan gå frå kaffiprat med frivillige til budsjettarbeid, HMS og møte med samarbeidspartnarar – gjerne i løpet av same dag.

  • Ein unik moglegheit til å vere med og etablere og forme Sognamekken
  • Ei sentral rolle i eit prosjekt med stor lokal og regional interesse
  • Ein meiningsfull jobb og engasjerte kollegaer innan førebygging og ungdomsarbeid
  • Eit breitt nettverk av samarbeidspartnarar i kommunen, frivilligheita og næringslivet
  • Løn etter tariff og gode kommunale pensjons- og forsikringsordningar
Eit prosjekt for framtida

Me ønskjer at Sognamekken skal bli ein varig regional møteplass for ungdom, med sterk forankring i ungdomane sjølve, i frivillig sektor og i lokalmiljøet.

Som prosjektleiar får du dermed ikkje berre ansvar for å starte eit prosjekt. Du får vere med på å byggje ein kultur og ein møteplass som kan få mykje å seie for ungdom i Sogn i mange år framover.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjorde, sjølv om søkjaren har bede om unntak frå offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25. Dersom du har bede om unntak, vil du bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord.

Administrasjonsspråket i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjorde med ei prøvetid på seks månader.

Hol dir deinen kostenlosen, vertraulichen Lebenslauf-Check.

oder ziehe deine Datei hierhin.

Similar jobs

Ähnliche Jobs, die dir auch gefallen könnten

Prosjektleiar Sognamekken
Prosjektleiar Sognamekken

Håvard Ese Eliassen • Systrond

Vor Ort
NOK 600.000 - 800.000
Løn etter tariff
Gode kommunale pensjonsordningar
Forsikringsordningar
Prosjektleiar Sognamekken
Prosjektleiar Sognamekken

Sogndal kommune Kultur • Systrond

Vor Ort
NOK 650.000 - 850.000
Ein unik moglegheit til å etablere og-
Sentral rolle i eit prosjekt med stor,
Engasjerte kollegaer innan førebygging
+2
Formann bygg
Formann bygg

Sigve Lirhus • Hermansverk

Vor Ort
NOK 576.000 - 704.000
Pensjonsordningar
Forsikringsordningar
Løn etter tariffavtale
Tenesteleiar plan og forvaltning
Tenesteleiar plan og forvaltning

Sogndal kommune Plan og teknisk • Hermansverk

Vor Ort
NOK 700.000 - 900.000
Konkurransedyktige vilkår
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Fleksibel arbeidstid
Formann bygg
Formann bygg

Sogndal kommune • Sogndal

Vor Ort
NOK 650.000 - 850.000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Velferdsordningar i tråd med kommunale
Prosjektleiar for ungdomsverkstad og meistring
Prosjektleiar for ungdomsverkstad og meistring

Sogndal kommune • Sogndal

Vor Ort
NOK 650.000 - 850.000
Løn etter tariff
Pensjons- og forsikringsordningar
Leder for ungdoms mekke- og motorarena
Leder for ungdoms mekke- og motorarena

Håvard Ese Eliassen • Systrond

Vor Ort
NOK 600.000 - 800.000
Løn etter tariff
Gode kommunale pensjonsordningar
Forsikringsordningar
Miljøarbeidar. Vikariat
Miljøarbeidar. Vikariat

Sotra vidaregåande skule • Skogsvåg

Vor Ort
NOK 210.000 - 270.000
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Inkluderande og godt arbeidsmiljø
Gode moglegheiter til eiga læring ogut
+1
Eigedomslandmålar
Eigedomslandmålar

Ole Gunnar Krakhellen • Drevdal

Vor Ort
NOK 650.000 - 900.000
Sentral fagrolle i nytt interkommunalt
Varierte oppgåver i fem kommunar
Tverrfagleg arbeidsmiljø
+2
Ringevikarar til Dråpeslottet og Vassloppa barnehagar
Ringevikarar til Dråpeslottet og Vassloppa barnehagar

Vibeke Lønnebakken Utskot • Haga

Vor Ort
NOK 248.000 - 331.000
Eit friskt og godt arbeidsmiljø
Gunstige pensjonsordningar
Fleksible arbeidstidsordningar
Top-Standorte