Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Luster kommunale samarbeid søker ein eigedomslandmålar til ei 100 % mellombels stilling i to år. Stillinga kombinerer vikariat med prosjektoppgåver, og kontorstaden er i Gaupne med oppgåver i fem kommunar.
Du vil ta att etterslepet av oppmålingssaker, auke matrikkel-kvalitet og utvikle felles rutinar. Det krev sjølvstendig arbeid, god kommunikasjon med grunneigarar og samarbeid i eit tverrfagleg miljø.
Vil du vera med på å byggje eit nytt fagmiljø for kart, oppmåling og GIS i Sogn?
Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal etablerer frå 1. januar 2027 eit interkommunalt samarbeid om kart, oppmåling og GIS. Luster er vertskommune.
Me søkjer ein eigedomslandmålar til 100 % mellombels stilling i to år. Stillinga kombinerer vikariat med prosjektoppgåver. Kontorstaden er rådhuset i Gaupne, medan arbeidsoppgåvene kan omfatta alle dei fem kommunane.
Stillinga skal særleg bidra til å ta att etterslepet av oppmålingssaker i Luster kommune og heve kvaliteten på opplysningane i matrikkelen. Samstundes vil du utføre oppgåver for dei andre samarbeidskommunane og bidra til å utvikle felles rutinar i det nye samarbeidet.
Du får ein variert arbeidskvardag med oppmålingsarbeid ute, sakshandsaming og kontakt med grunneigarar og kollegaer. Det nye samarbeidet får ni fagtilsette: tre innan kart og GIS, inkludert fagansvarleg, og seks innan oppmåling og matrikkel, inkludert fagansvarleg. I tillegg kjem einingsleiar. Du vert dermed del av eit større fagmiljø som skal lever tenester til alle dei fem kommunane.
Den nærare fordelinga mellom løpande oppgåver og prosjektarbeid vert tilpassa kompetansen din og behova i samarbeidet. Det må påreknast reiseverksemd og feltarbeid i samarbeidskommunane.
Me ønskjer primært ein autorisert eigedomslandmålar med relevant høgare utdanning. Søkjarar med relevant bachelor- eller mastergrad som er i gang med, eller ønskjer å kvalifisere seg for, autorisasjon, er også velkomne til å søkje. Om naudsynt ved tilsetjing vil me leggje til rette for rettleiing og mentoroppfølging i samband med autorisasjon.
Me ønskjer at du har:
Erfaring frå kommunal forvaltning er ein fordel.