Prosjektleiar Sognamekken

Sogndal kommune Kultur

Systrond

On-site

NOK 650,000 - 850,000

Full time

4 days ago
Be an early applicant

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Ein unik moglegheit til å etablere og-
Sentral rolle i eit prosjekt med stor,
Engasjerte kollegaer innan førebygging
Breitt nettverk av samarbeidspartnarar
Løn etter tariff og kommunale pensjons

Job summary

Sognamekken blir ein ny møteplass i Sogndal kommune for ungdom som likar motor og praktisk arbeid. Som prosjektleiar får du ansvar frå idé til drift, og du vil involvere ungdom og frivillige i utforminga og implementeringa.

Du blir ein del av Ungdomsavdelinga og samarbeidspartnarar, og stillinga er 2-årig med moglegheit for forlenging. Ein del kveld- og helgearbeid må pårekneast.

Qualifications

  • Stillinga har ingen formelle kvalifikasjonskrav, men relevant utdanning er ein fordel.
  • Personleg eignaheit vert vektlagt; det er viktig at du er praktisk anlagt og engasjert i ungdom.
  • Krava inkluderer gyldig politiattest.

Responsibilities

  • Etablering av Sognamekken, inkludert innkjøp og tilrettelegging av verkstaden
  • Rutinar for HMS, tryggleik og drift
  • Prosjektleiing, framdrift og vidareutvikling av ein modell for langsiktig drift
  • Aktivitetar og faste opningstider
  • Ungdomsmedverknad og rekruttering
  • Samarbeid med skule, fagmiljø, frivillige organisasjonar og lokalt næringsliv
  • Kommunikasjon og synleggjering av tilbodet
  • Rapportering til prosjekt- og kommuneleiing og samarbeidspartnarar

Skills

Praktisk fokus
Relasjonsbygging
Prosjektleiing
Kommunikasjon

Education

Relevante utdanningar (f.eks. lærarutdanning, yrkesfag, sosialfagleg utdanning, fagbrev)

Job description

Vil du vera med å skape ein ny møteplass for ungdom, motor og meistring?

Sogndal kommune satsar på ungdom, inkludering og gode fritidsarenaer. No skal me etablere Sognamekken – ein ny, lågterskel møteplass for ungdom med interesse for motor, mekking og praktisk arbeid.

Me søkjer deg som vil vere med frå starten og utvikle Sognamekken til ein trygg, inkluderande og attraktiv møteplass for ungdom i Sogn.

Om Sognamekken

Sognamekken skal bli eit sosialt mekke- og aktivitetstilbod der ungdom får tilgang til lokale, verktøy, utstyr og eit trygt fellesskap rundt motor og praktiske aktivitetar.

Målgruppa er i hovudsak ungdom frå 7. klasse til vidaregåande skule (12–19 år).

Tilbodet skal særleg nå ungdom som er interesserte i praktisk arbeid, mekking og motor, og som kan ha nytte av ein praktisk arena med meistring, tilhøyrsle og gode vaksenrelasjonar.

Prosjektet skal utviklast i samarbeid med ungdomane sjølve, frivillige, skule, lokale organisasjonar, næringsliv og ulike kommunale og førebyggjande tenester.

Sognamekken skal vere meir enn ein stad å skru på bilar. Me skal skape ein arena der ungdom kan:

  • Oppleve meistring og utvikle praktiske ferdigheiter i trygge rammer
  • Byggje relasjonar i lag med andre som har same interesser
  • Møte trygge vaksne og gode rollemodellar
  • Føle seg sett og inkludert
  • Få erfaring med ansvar, samarbeid og medverknad
  • Bli inspirerte til yrkesfag og tekniske fagområde
Om stillinga

Som prosjektleiar får du ei sentral rolle i å etablere og utvikle Sognamekken frå idé- og prosjektfase til eit velfungerande og berekraftig tilbod. Du får moglegheita til å forme innhald, organisering og utvikling. Ungdomane skal vere aktive medspelarar, og du må trivast med å involvere, lytte og omsetje idear til handling.

Du får mellom anna ansvar for:

  • Etablering av Sognamekken, inkludert innkjøp og tilrettelegging av verkstaden
  • Rutinar for HMS, tryggleik og drift
  • Prosjektstyring, framdrift og vidareutvikling av ein modell for langsiktig drift
  • Aktivitetar og faste opningstider
  • Ungdomsmedverknad og rekruttering
  • Samarbeid med skule, fagmiljø, frivillige organisasjonar og lokalt næringsliv
  • Kommunikasjon og synleggjering av tilbodet
  • Rapportering til prosjekt- og kommuneleiing og samarbeidspartnarar

Du blir ein del av Ungdomsavdelinga i Sogndal kommune og vil samarbeide tett med ungdomskoordinator, ungdomsarbeidarar, utekontaktar og relevante fagmiljø i kommunen. Stillinga er ein 2-årig prosjektstilling, med moglegheit for forlenging.

Noko arbeid på kveldstid og i helgar må påreknast.

Kven me ser etter

Stillinga har ingen formelle kvalifikasjonskrav, men relevant utdanning, til dømes lærarutdanning, yrkesfag, sosialfagleg utdanning eller fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget, er ein fordel.

Personleg eignaheit vil bli vektlagt, og det er viktig at du er praktisk anlagt, at du brenn for ungdom, og at du har lyst til å vere med å utvikle Sognamekken til ein god møteplass. Stillinga har krav om gyldig politiattest.

Me ser for oss at du har erfaring frå eitt eller fleire av desse områda:

  • Arbeid med ungdom, til dømes som kontakt for lærlingar i ei bedrift
  • Mekaniske, tekniske eller praktiske fag
  • Verkstad- eller HMS-arbeid
  • Prosjektleiing, organisasjonsarbeid eller frivilligheit
  • Samarbeid med næringsliv
  • Arrangement og aktivitetsskaping

Du:

  • Har interesse for motor, mekking, praktisk arbeid eller tekniske fag
  • Er trygg og tydeleg i møte med ungdom, og har lett for å skape relasjonar og tillit
  • Er god på samarbeid og nettverksbygging, og kan engasjere og koordinere frivillige
  • Ser moglegheiter og finn praktiske løysingar
  • Har god muntleg og skriftlig framstillingsevne, kommuniserer godt med ungdom, føresette, frivillige, næringsliv og offentlege aktørar

Du ser ungdom før system, men forstår at gode system er nødvendige for å skape ein trygg og berekraftig møteplass.

Du toler litt olje på hendene, tek gjerne initiativ og blir ikkje skremd av at prosjektet ikkje har alle svara på førehand. Du kan gå frå kaffiprat med frivillige til budsjettarbeid, HMS og møte med samarbeidspartnarar – gjerne i løpet av same dag.

Me tilbyr
  • Ein unik moglegheit til å vere med og etablere og forme Sognamekken
  • Ei sentral rolle i eit prosjekt med stor lokal og regional interesse
  • Ein meiningsfull jobb og engasjerte kollegaer innan førebygging og ungdomsarbeid
  • Eit breitt nettverk av samarbeidspartnarar i kommunen, frivilligheita og næringslivet
  • Løn etter tariff og gode kommunale pensjons- og forsikringsordningar
Eit prosjekt for framtida

Me ønskjer at Sognamekken skal bli ein varig regional møteplass for ungdom, med sterk forankring i ungdomane sjølve, i frivillig sektor og i lokalmiljøet.

Som prosjektleiar får du dermed ikkje berre ansvar for å starte eit prosjekt. Du får vere med på å byggje ein kultur og ein møteplass som kan få mykje å seie for ungdom i Sogn i mange år framover.

Vil du vere med og skru saman Sognamekken – bokstaveleg talt? Då håpar me å høyre fra deg!

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjorde, sjølv om søkjaren har bede om unntak frå offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25. Dersom du har bede om unntak, vil du bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord.

Administrasjonsspråket i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på seks månader.

Link til søknadsskjema: Søk her

Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn.Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Tenesteleiar plan og forvaltning
Tenesteleiar plan og forvaltning

Sogndal kommune Plan og teknisk • Hermansverk

On-site
NOK 700,000 - 900,000
Konkurransedyktige vilkår
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Fleksibel arbeidstid
Formann bygg
Formann bygg

Sogndal kommune Byggdrift • Hermansverk

On-site
NOK 576,000 - 704,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Løn etter tariffavtale
Tilkallingsvikar til helsetun og heimeteneste
Tilkallingsvikar til helsetun og heimeteneste

Sogndal kommune Balestrand helsetun og heimeteneste • Balestrand

On-site
NOK 248,000 - 358,000
Gode pensjonsordningar
Gode forsikringsordningar
Arbeidsmiljø
+1
Prosjektleiar Sognamekken
Prosjektleiar Sognamekken

Sogndal kommune • Sogndal

On-site
NOK 650,000 - 850,000
Løn etter tariff
Pensjons- og forsikringsordningar
Tilkallingsvikarar til sjukeheimen og heimetenesta
Tilkallingsvikarar til sjukeheimen og heimetenesta

Sogndal kommune Leikanger sjukeheim og heimeteneste • Leikanger

Hybrid
NOK 420,000 - 540,000
Gode pensjonsordningar
Gode forsikringsordningar
Gode velferdsordningar
+2
Prosjektleiar Sognamekken
Prosjektleiar Sognamekken

Håvard Ese Eliassen • Systrond

On-site
NOK 600,000 - 800,000
Løn etter tariff
Gode kommunale pensjonsordningar
Forsikringsordningar
Logoped
Logoped

Sogndal kommune Sogn PPT • Sogndal

On-site
NOK 520,000 - 640,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Høgt fagleg nivå
Barne- og ungdomsarbeidarar i Golvsengane
Barne- og ungdomsarbeidarar i Golvsengane

Golvsengane barnehage, Stad kommune • Nordfjordeid

On-site
NOK 420,000 - 520,000
Pensjonsordningar
Forsikringsordningar
Barne- og ungdomsarbeidarar i Golvsengane
Barne- og ungdomsarbeidarar i Golvsengane

Stad kommune • Nordfjordeid

On-site
NOK 420,000 - 520,000
Pensjons- og forsikringsordningar
Lånekassen-støtte ved bosetting
Formann bygg
Formann bygg

Sigve Lirhus • Hermansverk

On-site
NOK 576,000 - 704,000
Pensjonsordningar
Forsikringsordningar
Løn etter tariffavtale
Top locations