A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Sogndal kommune har ledig ei 100 % fast stilling som formann bygg ved Teknisk drift i Sogndal. Du får ei sentral rolle i drift og vedlikehald av kommunen sine bygg og vil leie driftsoperatørar og koordinere vedlikehald
Jobben krev strukturert og sjølvstendig arbeid, planlegging og god dialog med brukarane av bygga. Du vil samarbeide tett med avdelingsleiar bygg og andre formenn i kommunen.
Vil du vere med og sikre gode bygg og gode tenester for innbyggjarane i Sogndal kommune?
Sogndal kommune har ledig ei 100 % fast stilling som formann bygg ved Teknisk drift, med arbeidsstad i Sogndal.
Som formann bygg får du ei sentral rolle i drift og vedlikehald av kommunen sine bygg. Du vil planleggje, prioritere og følgje opp vedlikehaldsarbeid, leie og koordinere driftsoperatørane i Sogndal og vere eit viktig kontaktpunkt for brukarane av bygga.
Du samarbeider tett med avdelingsleiar bygg og dei andre formennene i kommunen. Arbeidsoppgåvene omfattar både praktisk byggdrift, mindre vedlikehaldsprosjekt og administrative oppgåver. Stillinga krev at du kan arbeide strukturert og sjølvstendig, samtidig som du skaper gode samarbeidsrelasjonar.
Avdelinga drift og vedlikehald har tre utestasjonar med formenn på kvar stad og om lag 16 årsverk med driftsoperatørar. Kommunen har ein variert bygningsmasse med mellom anna skular, barnehagar, helsebygg, administrasjonsbygg og utleigebustader.
Du må rekne med å arbeide på ulike stader i kommunen ved behov.
Me ser etter ein strukturert og løysingsorientert medarbeidar som trivst med å planleggje og følgje opp oppgåver, samarbeide med andre og finne gode praktiske løysingar. Du må kunne veksle mellom praktisk byggfagleg arbeid, koordinering og administrative oppgåver.
Drift og vedlikehald av kommunale bygg blir i aukande grad styrt gjennom digitale fagsystem og elektroniske hjelpemiddel. Som formann vil du ha ei viktig rolle i å ta i bruk, utvikle og følgje opp desse verktøya i det daglege arbeidet. Dette omfattar mellom anna bruk av FDV system, internkontrollsystem og andre digitale løysingar som er nødvendige for å oppfylle krav til dokumentasjon, planlegging og forvaltning.
Me søkjer difor ein person som ser verdien av digitale arbeidsprosessar, og som kan motivere og rettleie medarbeidarane til å nytte systema på ein god og effektiv måte. Evna til å skape forståing for og eigarskap til nye arbeidsmåtar vil vere viktig for å lukkast i stillinga.
Personlege eigenskapar vil bli tillagde vekt.
Den statlege ordninga med sletting av studiegjeld med 25 000 kroner i året kan vere aktuell for deg som har bustadadresse og er yrkesaktiv i Sogndal kommune. Sjå Lånekassen si informasjon om ordninga for meir informasjon om kvalifisering.
Sogndal kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller hol i CV-en.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som går fram av lover, reglement og tariffavtalar. Det kan bli aktuelt med prøvetid i samsvar med gjeldande regelverk.
I samsvar med offentleglova kan namnet ditt bli offentleggjort sjølv om du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste. Dersom ønsket ditt ikkje kan takast til følgje, vil du bli varsla før søkjarlista blir offentleggjord.